Sport | 29. sep. 2014

– Deilig å skåra

Stian Bakke har jobba hardt for å få speletid denne sesongen. I dag blei han matchvinnar to minutt etter at han kom innpå mot Vard Haugesund 2.

– Deilig å skåra
Her set Stian Bakke inn 3-2 i 73. minutt. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 29. sep. 2014 22:49

Bildeserie:

Erik Kanestrøm heada inn 1-0 i 11. minutt. (Foto: KVB)
Erik Kanestrøm heada inn 1-0 i 11. minutt. (Foto: KVB)
Børge Borgen auka til 2-0 fem minutt seinare, også han med hovudet. (Foto: KVB)
Børge Borgen auka til 2-0 fem minutt seinare, også han med hovudet. (Foto: KVB)
Stian Lunde nær på å auka til 3-0, men keeper redda det harde skotet. (Foto: KVB)
Stian Lunde nær på å auka til 3-0, men keeper redda det harde skotet. (Foto: KVB)
Før eitt minutt av 2. omgang var spelt sto det 2-2. (Foto: KVB)
Før eitt minutt av 2. omgang var spelt sto det 2-2. (Foto: KVB)
Glenn Krossøy prøver seg, men skyter utanfor. (Foto: KVB)
Glenn Krossøy prøver seg, men skyter utanfor. (Foto: KVB)
Bakke nær 4-2-skåring på eit innlegg som streifa forbi keeper. (Foto: KVB)
Bakke nær 4-2-skåring på eit innlegg som streifa forbi keeper. (Foto: KVB)
Viktig takling av Borgen i 89. minutt. (Foto: KVB)
Viktig takling av Borgen i 89. minutt. (Foto: KVB)
1 av 7

Os opna knallhardt og kunne ha leia meir enn 2-0 eit kvarter ut i første omgang.

Men kampen blei jamn og tøff og det måtte ein innbytar frå Fusa til for at Os, som har skåra klart mest mål til no denne sesongen, skulle ta full pott.

Os - Vard Haugesund 2 3-2 (2-1)
Målskårar, Os: 1-0 Erik Kanestrøm (11.), 2-0 Børge Borgen (16.) og 3-2 Stian Bakke (73.).

Os (4-3-3): Frode Moberg Øvredal - Torkel Hjertnes, Emilis Zilinskas, Børge Borgen, Glenn Krossøy - Stian Lunde, Erik Kanstrøm, Håkon Kvittingen - Ørjan Glesnes (Anders Kinden 81.) , Knut Spangelo Haga (Stian Bakke 71.) og Mats Lepsøe.

Stian Lunde hadde to harde og gode skot som keeper redda, det eina var før han heada i tverrliggar og Kanestrøm kunne nikka inn 1-0. Neste mål kom fem minutt seinare, på corner av Kanestrøm, der Børge Borgen styrte ballen i nota.

2-1 kom i 26. minutt etter kontring på ein kort feilpasning av Os, der skotet var på veg utanfor lengste stolpe, men streifa innom foten til ein Os-forsvarar og i mål. 2-2 kom få sekund etter pause då gjestane dribla seg gjennom Os-forsvaret.

Så kom Stian Bakke, som kom frå Fusa til Os som førsteårsjunior for nokre sesongar sidan, på banen og sette inn 3-2.

Likte seg på venstrekant

– Det var veldig kjekt å skåra for ein gongs skuld, og at det blei ei matchvinnande skåring, seier Bakke.

To minutt etter at han kom innpå fekk Os frispark. Vard Haugesund sin keeper boksa ballen ut og det blei nokre tette duellar rundt keeper før Stian nærmast takla ballen i mål.

– Eg har slete med å få speletid i år. At Torkel Hjertnes, som er så god og rutinert, blir brukt som høgreback, der eg plar spela, har nok gjort det tøffare. I dag var det kjekt å spela offensivt, og at det gav resultat, synest han.

Bakke var kort tid seinare nær på å gje Os 4-2-leiing, på eit langt rush der han kom til eit innlegg som passerte keeper og nesten gjekk rett i mål. Dessverre var det ingen som heldt Bakke på raidet og kunne gli ballen inn på lengste stolpe i den tette og tøffe kampen.

Irriterte gjestar

Vard Haugesund sitt andrelag besto av éin seniorspelar og trenar Karl Oskar Emberland er nøgd med eige mannskap.

– Os var best første halvdel av første omgang, då hang vi ikkje med. Men etter at vi reduserte var vi kvassast, både i tempo og presisjon, meiner han.

Nokre protestar å dommaravgjerder blei det også, ikkje minst då Vard Haugesund på kontring kom i overtal, men fekk overgangen avlyst av at dei fekk frispark der det skulle vore dømt fordel og framhald i spelet.

– Alle ser at det er feil utanom dommar. Og då han kom bort til meg la han berre vekt på at det er han som bestemmer, han kunne ha innrømt feilen, synest Emberland.

10 mål meir enn serieleiar

Os-trenar Jørn Vegard Berge er einig med at heimelaget starta best i dag.

– Men etter reduseringa hamna vi litt bakpå og stressa ein del. Det var utan grunn, vi kunne fint ha halde litt meir på ballen og styrt tempoet, meiner han.

– Det blei etterkvart ein kamp som kunne ha bikka begge vegar, spesielt etter at vi fekk den brå starten på andre omgang. Men det var kjekt å sjå at vi sto på vidare og at vi sette det avgjerande målet.

På bortebane tapte Os 1-0 for Vard Haugesund 2. Med dagens tre skåringar klatra Os forbi Haugesund 2 og opp igjen på 5. plass, 1 poeng bak Bjarg, 5 poeng bak Lysekloster.

Os har skåra klart mest mål etter 22 rundar, 67 mot serieleiar Odda sine 57.

Erik Kanestrøm blei kåra til dagens beste Os-spelar. Berge er også svært nøgd med keeper Øvredal og heile forsvarsfiraren.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.