Kultur | 24. feb. 2022

Den 13. revyen sitt fjerde forsøk

I slutten av mars slepp «Nor og ne» seg laus igjen.

Den 13. revyen sitt fjerde forsøk
Susan Askvik og Linda Nytræ, her som opplesararav Nore Neset Nytt i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. feb. 2022 11:22

I 2020 var revygruppa Nor og ne frå Skeie klare med ny revy for 13. gong, men så kom kinaviruset.

– Vi sette opp ny dato til hausten 2020 og våren 2021, men då også begge desse måtte utsetjast, våga vi ikkje prøva oss på noko hausten 2021, seier Susan Askvik.

– Men no skal det vera duka for både fullt hus og dans etterpå! Det ville ikkje vore det same å spela for 50, når vi alle desse åra har hatt så godt publikum og rundt 200 i salen.

Nor og ne har halde på tittelen frå 2020, «Regnbuerevyen» er oppfølgjaren til revy 12, «Bollé Bollé».

Her er nokre bilde frå Bollé Bollé i 2019:

Bildeserie:

Førre revy, Bollé Bollé, var i 2019. Her er Pål Heimtoft i toppleiinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Førre revy, Bollé Bollé, var i 2019. Her er Pål Heimtoft i toppleiinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susan og Jan Helge. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susan og Jan Helge. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Robert Haugetun forkynte nytt kommunevåpen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Robert Haugetun forkynte nytt kommunevåpen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jan Helge og Linda klar for bollé og brød. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jan Helge og Linda klar for bollé og brød. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bjørnar blir ikkje med i år, men det gjer Linda. Her i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bjørnar blir ikkje med i år, men det gjer Linda. Her i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bjørnar og Robert flaug lågt. No har Bjørnar flydd vestover. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bjørnar og Robert flaug lågt. No har Bjørnar flydd vestover. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ingen skal føla seg trygg når folket på Skeie skriv sketsjar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ingen skal føla seg trygg når folket på Skeie skriv sketsjar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 7

– Vi synest vi har så mange gode sketsjar i denne at vi ikkje ville skrota den. Men noko av revyen er justert og oppdatert, og no driv vi å øver den inn. For fjerde gong.

– Vi drog bandet litt lengre inn på scenen i Bollé Bollé, i denne runden får dei ei endå meir synleg rolle, avslører Susan.

Årets plakat.
Årets plakat.

Det er lagt opp til to helger på rad med i alt fire show, laurdagane med dans og pub i Symrasalen etter revyen.

Premieren er fredag 25. mars.

– Er skodespelarane dei same som før?

– Det har jo vore litt utskifting tidlegare år, ut frå om enkelte har vore opptatt. Bjørnar Alvsvåg Folgerø er dessverre vekkreist, han har fått ein etterlengta tur til Canada. Det er synd, han er jo ungdomen vår!

– Men Linda, som ikkje var klar for 2020-revyen, er no tilbake. Også Stine, som var vekke i 2019, er med i gruppa igjen.

På scenen i 2022: Susan Askvik, Jan Helge Corneliussen, Robert Haugetun, Pål Heimtoft, Stine Fristad og Linda Nytræ.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.