Fotball | 13. nov. 2019

Denis Ljubovic har fått tilbod frå toppklubb i heimlandet

Lysekloster har allereie signert 13 spelarar - og er i prosess for å halda på midtstopparen.

Denis Ljubovic har fått tilbod frå toppklubb i heimlandet
Midtstoppar Denis Ljubovic er i periodar òg farleg framfor motstandar sitt mål. Årets sesong kan ha vore den siste. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. nov. 2019 10:01

«På tide å gå videre», skriv Denis Ljubovic på Facebook. Under følgjer rundt 40 kommentarar med lykkeønskingar frå lagkameratar, tidlegare lagkameratar og foreldre til dei mange unge spelarane han har trent i Lysefjorden.

– The one guy that is impossible to replace. We will miss you a lot as a player and person! skriv årets toppskårar Simen Næss.

– The best wishes for my friend and his family! Lysekloster will never forget this hero! meiner Ståle Steen Sæthre.

• Les òg: Inviterte halve Lysekloster i bryllaup i Kroatia (2018)

No kan det henda at han likevel blir verande.

– Lysekloster viser at dei verkeleg ønskjer å halda på meg, og vil no prøva å finna ein jobb til meg utanom fotball. Tilbodet eg har i Kroatia er ope ei stund til, seier Denis til Midtsiden.

Kan bli speidar og spelar for moderklubben

Ljubovic hadde over 50 kampar for Fyllingsdalen bak seg då han, i forkant av 2016-sesongen, signerte med Lysekloster.

No har han passert 90 kampar for Lysekloster, og planen var å halda fram gjennom 2020.

– Vi sat og diskuterte neste år då tilbodet frå Kroatia kom.

HNK Rijeka speler på øvste nivå og er den tredje mest suksessrike klubben i Kroatia. Ljubovic vaks opp i Rijeka og spelte fire sesongar for HNK Rijeka sitt førstelag før han reiste utanlands, først til Slovenia, seinare til Noreg.

– Dei har òg eit lag på nest øvste nivå. Klubben vil ha meg både som spelar og inn i administrasjonen, som trenar for ungdomane i klubben og som speidar for seniorlaga.

Fleire omsyn å ta

I Lysekloster har Denis, ved sidan av å spela fotball, vore engasjert som trenar for ungdomslag og akademi. No vil klubben prøva å finna ei løysing med «sivil» jobb utanom fotballen, for å halda på den dyktige og populære veteranen på laget.

– Vi føler eit ansvar både for Denis og familien. Han er ein god spelar, samtidig er han ein trebarnsfar som har etablert seg i Lysefjorden. Saman vil vi prøva å få til ei løysing, seier sportsleg leiar Svein Kollen.

Lysekloster har allereie signert 13 spelarar for komande sesong (av desse 4 nye). På same tid i fjor hadde dei 3 spelarar.

– Det er mange gode grunnar til å bli verande, spesielt om eg òg får ein jobb utanfor banen. Eg ser for meg at det vil gi meg og familien ein annan kvardag. Samtidig ser det ut som om neste sesong kan bli ekstra god, seier Denis.

Å jobba for Rijeka når han ein dag kjem tilbake frå Noreg, er noko han har diskutert med gamleklubben før.

– Sportsdirektøren i Rijeka er ein kamerat av meg. Men tilbodet kom brått på fordi stillinga no blei ledig. Heldigvis er det eit tilbod som står ope, det er mogleg at eg òg kan få jobben om eg ventar ein sesong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.