Denne ledningen med diameter på ein halvmeter skal sikra vassforsyninga til Os (foto: Geir Brekke, Statens Vegvesen)
Denne ledningen med diameter på ein halvmeter skal sikra vassforsyninga til Os (foto: Geir Brekke, Statens Vegvesen)

Denne skal sikra vatn til Os

E39 Svegatjørn - Rådal • Innreiinga av tunnelane i full gang.

Andris Hamre
03. november 2017 - 14:10

Entreprenørane er no i full sving med innreiingsarbeidet i fleire av tunnelane som er ferdig sprengd på E39 mellom Os og Bergen.

I april signerte Statens Vegvesen ei avtale om at vegvesenet skulle byggja ein 10 kilometer lang vassledning for å sikra reservevatn til Os frå Bergen. Avtalen var på 57,5 millionar kroner.

No er første del av ledningen i ferd med å bli lagt. Det er ein VA-ledning på ein halvmeters diameter som skal gjera at Os er sikra vassforskyning, sjølv om kommunen sitt eiga vassanlegg fell ut av produksjon.

Har sprengt 11 av 18 km

I Lyshorntunnelen går framleis spreningsarbeidet føre seg. 11 541 meter er tilsaman sprengd ut i dei to tunnelløpa. Lyshorntunellen blir på 9,2 kilometer, så det står framleis att litt sprengingsarbeid.

Likevel har entreprenøren kome i gang med innreiinga i dei delane av tunnelen som er lengst frå boremaskinene og fjellspreninga.

Kummar og røyr

Lengst med tunnelinnreiinga har dei kome i Skogafjellstunnelen som var ferdig sprengd i februar 2017.

Innreiingsarbeid omfattar ma botnrensk og vegoppbygging. Dessutan blir det grøfting. Deretter blir det legging av leidningar for drens- , spillvass- og vassleidningar. Det same gjeld store mengder med trekkerøyr, samt asfaltering. Eit omfattande nettverk av kummar skal og på plass gjennom tunnelane. Det blir utført arbeid med bolting til innfesting av vegg-element, membranduk, kabelbru, vifter, kamera og anna nødvendig tryggingsutstyr.

I taket over vegg-elmenta blir det montert gjennomgåande vass- og frostsikringskvelv. Dette inneheld membranduk, armeringsmatter og brannsikring i form av sprøytebetong.

Innreiinga skal gjerast i forkant av montering av elektro-anlegget i tunnelane på E39 Svegatjørn–Rådal.