Sport | 27. jan. 2015

– Denne skulle vi vinna

Volleyball, Søre Neset - Nyborg 3: 3-1. Med tidenes opphenting snudde Søre Neset det andre settet og vann.

– Denne skulle vi vinna
Trenar Morten Asphaug er nøgd med sigeren, men ser ting som må jobbast vidare med (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 27. jan. 2015 07:52

Kampen mot Nyborg 3 i Nore Neset Aktivitetshus måndag kveld var kampen volleyballjentene til Søre Neset skulle vinna.

– Siger var det einaste som var godt nok, og sjølv om vi klarte det, så er vi ikkje heilt nøgd, fortel trenar Morten Asphaug.

Motstandar Nyborg er eit ungt lag som har til gode å vinna i seriespelet, men som i rankingen vann nokre kamper. Difor var dette ein kamp Asphaug forventa ikkje noko mindre enn siger.

– Første settet byrjar bra og vi får ei god leding, men slepp Nyborg inn i kampen midtvegs i settet.

– Vi klarar å ta oss saman igjen og vinn 25-13, omtrent med dei sifra vi skal slå dei med.

Tidenes redning

Andre settet byrjar dårlegare for Søre Neset, men igjen klarar dei å gira opp utover i omgangen og vinn greit 25-15.

– Her er Anniken Kaspersen og Gøril Hernes sentrale med sesongens beste redningsaksjon i forsvar.

– Nyborg kjem med ein hard serve som ender med eit dårleg mottak hos oss. Anniken ligg langflat heilt på baklinja og reddar ballen frå å gå i bakken, Gøril klarar på magisk vis å få ballen over nettet kor Nyborg allereie har starta feiringa av poenget og dermed ikkje er førebudd på returen, forklarar Asphaug.

Fell saman

I det tredje settet skal Søre Neset berre kontrollera inn sigeren, i staden fell dei saman og tapar 18-25.

– Vi skal vera såpass ærlege og seia at dette var forferdeleg dårleg.

– VI har ingen andre enn oss sjølv å takka for at vi taper settet. Vi kjem aldri i gang, blir usikre og snakkar dårleg saman.

– Framover så ender stort sett angrepa med ballen i nettet, oppsummerar Asphaug marerittomgangen.

Gjekk ut i 100

I fjerde settet bestemmer Søre Neset seg for å redde æra og går ut i hundre for å avgjera kampen.

– Vi startar settet bra, gjer nokre taktiske vridningar midtvegs som fungerar veldig bra og vinn greitt 25-14.

– Totalt sett så kan vi oppsummera det som ein ok kamp kor vi ikkje kan vera heilt nøgd, men vi tek heim sigeren og det er det viktigaste.

– No er det fullt fokus på neste kamp mot Risnes. Det blir nok ei tøffare batalje, avsluttar Asphaug.

Søre Neset - Nyborg 3 3-1 (25-13, 25-15, 18-25, 25-14)
Søre Neset sitt lag: Birte H Vevatne, Anniken Kaspersen, Marianne Borgen, Gøril Hernes, Magdalena Witowska-Batosz (debutant), Vibeke Ingebrigtsen, Johanne Hoel, Elin Sundvor

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.