Sport | 14. juni 2015

Desse brakkene blir varmestove på Kuventræ

Skulebrakker frå Lysekloster blir varmestove i Os idrettspark – som også får tribune med tak.

Desse brakkene blir varmestove på Kuventræ
Dei midlertidige klasseromma ved Lysekloster barneskule skal brukast på Kuventræ frå hausten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. juni 2015 06:14

Bildeserie:

Lysekloster får snart ny skule. Då har dei ikkje bruk for brakkene til Vestafjell lenger. (Foto: KVB)
Lysekloster får snart ny skule. Då har dei ikkje bruk for brakkene til Vestafjell lenger. (Foto: KVB)
Mens Os idrettspark får ny trubune med tak har Os Fotball bygd nytt sekretæriat. (Foto: KVB)
Mens Os idrettspark får ny trubune med tak har Os Fotball bygd nytt sekretæriat. (Foto: KVB)
Kuventræ laurdag. 25. juni skal friidrettsdekket vera klart og nytt kunstgras leggast. (Foto: KVB)
Kuventræ laurdag. 25. juni skal friidrettsdekket vera klart og nytt kunstgras leggast. (Foto: KVB)
1 av 3

Etterlengta opphaldsvêr har ført til produktive dagar på Os idrettspark.

Parallelt med legging av nytt friidrettsdekke, som skal stå klart til 25. juni så legging av ny kunstgrasbane kan starta, har det blitt gjort innkjøpsavtale.

– Vi tar den gamle kiosken på Kuventræ og lager hovudtavle og ein liten kiosk i den. I tillegg har vi kjøpt dei åtte brakkene som i dag blir nytta som midlertidlege klasserom på Lysekloster. Dei kjøper vi frå Vestafjell, fortel Tor Inge Døsen.

Les òg: Ein dobbel skule reiser seg

– Dei flyttar vi opp her og lager om til eit lite klubbhus med 120 kvadratmeter varmt areal. Det vil innehalda sekretæriat, møterom for klubbane og kommunen, ei varmestove for dei unge friidrettsutøvarane og eit varmtlager for det utstyret som ikkje kan lagrast kaldt.

Tribune med tak

Til fleire friidrettsgreinene kjøper kommunen inn utstyr som vil vera tilgjengeleg for alle klubbane som skal nytta anlegget.

Les òg: Kven skal få trena på det nye anlegget?

– I tillegg blir det eit kaldt-lager og ein liten tribune med plass til om lag 150 sitteplassar. Tribunen får tak over seg og skal stå klar til 12. september, fortel Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.