Lokal | 14. nov. 2014

Desse tala overraskar ordførar og meklarar

No er vi ikkje 19.000 lenger: For første gong på over 13 år går folketalet i Os kommune ned.

Desse tala overraskar ordførar og meklarar
Skjermskot, tabell frå ssb.no som viser folketalet i Os i år og 3. kvartal i fjor. (Statistisk Sentralbyrå)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. nov. 2014 10:40

I dag publiserte Statistisk Sentralbyrå folketalsutviklinga i Noreg i 3. kvartal, juli til september, 2014.

I 2. kvartal var det rekord i folkevekst i Os, aldri før har vi blitt 200 fleire på tre månadar.

I 3. kvartal går det, for første gong på over 13 år, nedover med folketalet i Os.

Vi blei 19 færre innbyggarar i Os førre kvartal! Folketalet ved utgangen av kvartalet var 18.985, mot 19.004 30. juni i år.

Sist gong Os hadde negativ folkevekst var i 2. kvartal 2001. Då blei vi 25 færre.

Kva med veksttilskotet?

Ordførar Terje Søviknes er svært overraska over tala.

– Er du sikker på at dette ikkje er feil? Er det liknande trend for tredje kvartal tidlegare år, med låg vekst? undrast ordføraren.

Det nye veksttilskotet til norske kommunar med aukande folketal er med på å gjera budsjettet til Os kommune ekstra romsleg neste år. I 2015 kjem det rundt 12 millionar kroner til Os grunna vekst dei siste åra.

Utrekninga er basert på ein modell som i grove trekk gjev 55.000 kroner per ekstra innbyggar for kommunar med meir enn 1,6 prosent vekst.

– Det blir i utrekninga tatt eit snitt for dei siste tre åra, så vi får håpa og tru at dette kvartalet blir eit av få med negativ vekst.

Rekordutflytting

Detaljane i statistikken viser at talet på fødde og døde er som normalt, samanlikna med tidlegare kvartal. Det er også innflyttinga.

Men utflyttinga er ekstra høg.

Heile 320 personar flytta frå Os førre kvartal, noko som er ny rekord og meir enn 60 fleire enn kvartalet før.

God eigedomsmarknad

Midtsiden har kontakta to eigedomsmeklarar for å få kommentar til tala.

– Hæ!? utbryter Arild Vikøyr frå Privatmegleren Bjørnefjorden når han høyrer om tala.

Vikøyr kan fortelja om ein svært god marknad i haust. Meklarkontoret han jobbar for gjennomførte blant anna nyleg eit sal der ein bustad prisa til 3.190.000 kroner hadde 18 på vising og blei selt for 3.550.000 kroner.

– Det ligg 155 bustadar for sal i Os no. Er det mange?

– Ja, det er fleire enn det som er normalt. Men eg kan på strak arm ikkje seia noko om kvar folk har flytta, av dei som har flytta frå Os.

– Truleg berre ei justering

Også Åge Gulbrandsøy frå BO Eiendomsmegling er overraska over tala.

– Eg opplever at mange av eigedomane i Os har fleire interessentar frå nabokommunar, mens dei som sel stort sett flyttar til noko anna i Os.

Gulbrandsøy selte førre veke ein stor einebustad i Lysefjorden på eitt døgn, før vising.

– Interessa var enorm, også frå by'n, og huset gjekk til 6,5 millionar kroner, 500.000 over takst.

– At vi blei 19 færre førre kommune er nok litt tilfeldig, ei justering eller ein kompenasjon for at vi blei 200 fleire kvartalet før, seier han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.