– Det blei omtrent som venta
Tre på tribunen: 75 tilskodarar fekk med seg serieopninga i Oshallen i dag. Dette synest tre av dei om kampen.
Damelaget til Os starta i dag serien med heimekamp mot Stord.
Os opna bra og avslutta bra, men gjekk på eit solid tap.
Arvid Øvreeide
(far til spelar Marte)
– Kor ofte er du tilskodar på Os-kampane?
– Eg ser så mange heimekampar som eg klarer.
– Kva synest du om kampen?
– Det blei litt som venta, med tanke på utskifting av spelarar og kort oppkjøring. Men eg trur det kjem seg når dei får spelt litt meir i lag.
– Kven på Os gjorde det best i dag?
– Vibeke gjorde ein veldig god jobb i mål.
Irene Ingebrigtsen
(mor til keeper Vibeke)
– Kor ofte er du tilskodar på Os-kampane?
– Eg ser alle kampane til Os.
– Kva synest du om dagens kamp?
– Dei klarer seg betre enn eg hadde trudd.
– Kven på Os gjorde det best i dag?
– Madde (Madeleine) gjer det veldig bra i dag.
Kjartan Svendsen
(kjærasten til spelar Malin)
– Kor ofte er du tilskodar på Os-kampane?
– Av og til, men det blir oftare i år, no når Malin speler 2. divisjon.
– Kva synest du om kampen?
– Stord er best. Os manglar litt presisjon, men det kjem seg nok utover i sesongen.
– Kven på Os gjorde det best i dag?
– Vibeke.