Lokal | 07. juli 2020

Det blir «Barnas dag» i år òg

Ventar storinnrykk - er på sponsorjakt.

Det blir «Barnas dag» i år òg
Bogeskyting, med konkurranseutøvar som instruktør, er blant aktivitetane. (Foto: KOG)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. juli 2020 10:59

I fjor tok Øvreeide Gard initiativ til ein feriedag for ungar og familiar som av kva som helst årsak ikkje kom seg på ferie i løpet av sommaren.

– Det kan vera ulike årsaker til det, for eksempel at familien held seg heime fordi det er fødsel på gang. I år er det gjerne endå fleire som er heime, og har lyst på ein lokal feriedag, seier Tore Øvreeide.

I fjor var det 7 påmeldte 5 dagar før start. Årets dato er tysdag 21. juli.

– Vi har plass til over hundre, og kan nok rekna med ekstra stor påmelding i år.

Øvreeide Gard byr ulike aktivitetar, som teikning, tur med hest og vogn, rotur med oselvar, bogeskyting og køyring med modellbåtar. Kanskje kjem det òg fly på besøk.

Det går buss frå Os for dei som ikkje blir køyrd til garden.

Alt er gratis, frå transport og mat til dei ulike aktivitetane.

– I fjor fekk vi 20.000 kroner frå Bjørnafjorden kommune til arrangementet. Frå firma og privatpersonar fekk vi i tillegg spnsa til saman 16.000 kroner, så vi fekk dekka inn kostnadane.

– Kommunen har støtta prosjektet med same sum, og vi håper å få inn nokre private sponsorar utanom. Dess meir som kjem inn, dess meir kan v by på denne dagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.