Fotball | 18. mars 2015

– Det er no alvoret startar

Lysekloster med 6-0 siger over Austevoll. – Dette var trening, det er no alvoret startar, seier trenarteamet.

– Det er no alvoret startar
Johannes Jordal skåra det andre målet for Lysekloster (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. mars 2015 14:02

Lysekloster spelte tysdag den siste treningskampen før alvoret startar med 1. kvalifiseringsrunde til NM heime mot Bjarg onsdag om ei veke.

– Vi startar kampen bra.

– Det første kvarteret er ok, men vi er likevel ikkje bevisste nok på kva vi gjer innanfor dei to sekstenmetrane.

– Vi bør skåra fleire og ikkje sleppe Austevoll så lett til på kontringar, oppsummerar Ørjan Sandal.

Brukbar 2. omgang

Lysekloster leiar 1-0 til pause og puttar fem nye i løpet av andre omgangen.

Heile seks mann skårar i kampen.

– Andre omgangen er brukbar.

– Då har vi mykje gode bevegelser for kvarandre og fart i ballen med helhjerta løp.

– Sett under eitt har vi framleis ein god del å gå på, oppsummerar Sandal.

Lysekloster - Austevoll 6-0 (1-0)
Målskårarar: Tommy Gaustad, Johannes Jordal, Ola Sjømæling, Daniel Kalstad, Baste Jonassen, Kim Liseth
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Baste Jonassen, Knut Eriksen Eide, Preben Skorpen, Aleksander Andersen, Sindre Flaa, Johannes Jordal, Hans-Christian Nysæther, Daniel Kalstad, Tommy Gaustad og Lars Henrik Skage.

Innbyttarar med speletid: Kim Liseth, Espen Birkeland, Ola Sjømæling, Sigve Rørstad, Joakim Hjelmeland, Øystein Takle Eide og Mikal Brekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.