Daniel Skotheim saman med Gunnar Nagell Dahl på Det store Bjørnafjordenmåltidet 2017. Silja Døsen Moberg i bakgrunnen. (Foto: KVB)

– Det han brann for skal halda fram

Bjørnefjorden Matkultur vil ta Gunnar Nagell Dahl sitt store bjørnafjordenmåltid vidare.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bjørnefjorden Matkultur og Det Store Bjørnefjordmåltidet 2019:

Måndag 3. juni gjekk mesterkokk, eldsjel, matattaché og lokalmatentusiast Gunnar Nagell Dahl bort.

– Han blei bisett fredag 14. juni i Os kyrkje, same dag som vi etter planen skulle lagt ut billettar til årets versjon av «Det Store Bjørnefjordmåltidet», skriv Bjørnefjorden Matkultur i ei pressemelding.  

Gunnar var ein av dei som starta Bjørnefjorden Matkultur, og det var han som hadde ideen til Det Store Bjørnefjordmåltidet.

– Han var ein inspirasjon, ein venn og ein mentor for alle oss i foreininga. Vi utsette naturlegvis det å legga ut billettane.

Hadde samling i helga

I helga har dei foreininga hatt ei felles samling for å minnast Gunnar, og for å diskutera kva dei skal gjera vidare.

– Det vi har landet på i felleskap, og som vi er heilt sikre på at Gunnar ville ha ønskt, er at foreininga skal halda fram arbeidet sitt, og at måltidet skal gå som planlagt. Det han sto for, brant for og var glad i skal halda fram.

Les òg (med bildeserie):
21 rettar til 220 personar (2017)
Unikt, Bjørnafjorden (2018)

Det Store Bjørnefjordmåltidet 2019 blir som dei to første; ei feiring av lokal matkultur. Eit arrangement i Gunnar sin and.

Billettane blir lagt ut for sal på morgonen torsdag 20. juni.

Pressemeldinga er signert medlemmane i Bjørnefjorden Matkultur: Haaheim Gaard, Osøyro Kolonial, Garden på Dalland, Osteriet i Samnanger, Solstrand Hotell, Oseana Kafe og Restaurant, Evas Mat, Bøkampen Utegangerlam, Tveitakjerring, Monsatufto Bær og Gårdsprodukter, Havnechefen, Engevik Gard, Mandelhuset, Myrdal Ost, Bespoke Lifestyle, Oseana Kunst og Kultursenter, Tønnegarden, Tina Bøe Buer, Halhjem Kafe, Bjørnefjorden Hotell, Haukeland Gård og Mat Fra Hjertet

Fleire saker