Handball | 02. feb. 2022

– Det kan bli eit rotterace

Gler seg over gjenopning - spent på komande justering av kampoppsettet.

– Det kan bli eit rotterace
Trond Budal i ein pause med damelaget i haust. No gler dei seg til å fullføra sesongen - på eitt eller anna vis. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. feb. 2022 10:52

Handballdamene til Os har hatt ei formkurve som i nokre periodar har følgd smittebølga - våren 2020 låg dei an til ein sterk serieinnspurt, med fem sigrar på rad før landet stengte ned.

Før jul hadde dei tre sigrar på rad, så var det stopp.

Har hoppa over seks kampar

Os måtte utsetja seriekampen borte mot Stord 18. desember grunna skjerpa smitteverntiltak.

Seinare har fire kampar blitt utsette, også kampen mot Fyllingen 2, som skulle gått komande laurdag blir utsett.

– Dei som er 20 år og eldre må få seg ei veke med trening før serien går i gang. Vi gler oss veldig over gjenopninga, men er spente på korles serien no skal avviklast, seier Os-trenar Trond Budal.

Maren Evensen skåra fem mål i førre kamp, heime i 39-29-siger over Fana 2 12. desember. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Maren Evensen skåra fem mål i førre kamp, heime i 39-29-siger over Fana 2 12. desember. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Korleis serieaviklinga skal gå etter gjenopning, etter det som blei seks veker pause, har vore ute på høyring.

– Alternativa er å forlenga sesongen, sånn Rema 1000-ligaen og dei to andre divisjonane i nasjonal serie har gjort. Men utfordringa då blir at serieinnspurten kjem saman med mange av spelarane si eksamenstid.

– Eit anna alternativ er å legga om til enkel serie. Utfordringa då er at enkelte lag allereie har møtt kvarandre to gongar, og at vi får berre eit par kampar til før sesongen er over.

Avgjerda er ikkje fatta.

Førebur seg på tett kamp-program

– Eg reknar med at regionskontoret jobbar intensivt i dag, og kanskje nokre dagar til, før vi får svar.

– Men vi kan nok førebu oss på ein litt forlenga sesong, og eit rotterace med to kampar i veka framover mot påske.

– Så får vi håpa vi finn tilbake den fine flyten vi hadde før jul. Vi gler oss uansett til å spela kamp igjen!

– Spelarane under 20 år har trent greit i pausen, men også vi har hatt eit oppmøte litt prega av sjukdom og karantene. Men no ser det bra ut, og vi har fleire treningar denne veka, også på søndag, seier Budal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.