Handballdamene til Os | 26. sep. 2021

Tilla skåra 8 i solid Os-siger

Slo Årstad 2 på heimebane i andre serierunde.

Tilla skåra 8 i solid Os-siger
I førre kamp (bildet) skåra ho eitt mål, i går blei det 8 på Tilla Heggdal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. sep. 2021 08:28

I serieopninga førre helg fekk Os ein grei start på kampen, leia ein kort periode midt i første omgang, klarte nesten å henta seg inn i starten på andre omgang, men tapte til slutt med 11 mål.

Laurdag ettermiddag var det nok ein heimekamp, og mot Årstad gjekk det langt betre.

– Jentene var endå meir påskrudd, og vi klarte å setja forsvaret bra frå start.

– Då kom det også fleire kontringssjansar, og då kjem dei ekstremt presise pasningane frå Stine (keeper) og fleire av dei raske spelarane våre til nytte, seier trenar Trond Budal.

Ei av dei er Tilla Heggdal, som skåra heile 8 mål i går.

Ho kom frå Konnerud til Os i fjor, skåra eitt mål i førre kamp, men blei ekstra viktig i går.

– Tilla hadde ein solid kamp i går, med mange fine rush. Elles fann jentene kvarandre også betre i etablert angrep enn sist, seier Budal.

Maria Lillesletten Hagen hadde, som i førre kamp, 5 mål, 4 av dei frå 7-metersmerket, og er i skrivande stund på 3. plass på toppskårarlista i avdelinga.

Maria L. Hagen kopierte førre kamp og skåra 5, 4 av dei på straffe. (Foto: KVB)
Maria L. Hagen kopierte førre kamp og skåra 5, 4 av dei på straffe. (Foto: KVB)

– Vi hadde faktisk 10 av 11 utespelarar på skåringslista, det er kjekt, synest Budal.

Forsvarsmessig blei Årstad sin høgreving Stine Lise Johannessen den som var vanskelegast å passa på.

– Ho skåra totalt 8 mål, men då vi plasserte Ayleen, som er veldig sterk i forsvar, ut for å passa på, blei det effektivt.

Os - Årstad 2 31-24 (16-12)
Os: Siri Eide Børtveit, Tilla Heggdal 8, Maria Lillesletten Hagen 5 (4 av dei frå 7m), Dorthe Bø 4, Ayleen Akyüz Hagen 3, Amanda Kristin Holthe 3, Henriette Eeg-Sandtorv 2, Celine Nalbant Moe 2, Maren Evensen 2, Nora Marie Johnsen 1, Hannah Lund 1 og Marie Storum Vik.

Os speler ny kamp allereie i kveld. Den går borte mot Bjørnar.

– Vi må dessverre klara oss utan Amanda i kveld, ho fekk seg nokre trøkkar i gårsdagens kamp. Men vi mønstrar ein god tropp likevel, og håper å halda fram i same stil som i går.

Bjørnar har til no spelt éin kamp, borte mot Fyllingen 2. Der tapte dei 31-19.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.