Laila Reiertsen ønskjer alle i alle grender ei gledeleg og fredeleg julehøgtid (foto: AH)

Det lyser i alle grender

Lesarinnlegg: Varaordførar Laila Reiertsen oppsummerer eit begivenhetsrikt år.

Av: Andris Hamre

Det stunder mot jul. Alle har sikkert meir enn nok å ta seg til i desse dagane før julehøgtida set inn for alvor. Det går og mot slutten av 2017. Eit innhaldsrikt år på mange måtar. 

I politikken vart det endringar i Osbygdo då Ordførar Søviknes blei henta inn til regjeringa på tampen av 2016. Os kommune fekk ny ordførar og varaordførar. Både Ordførar Marie L.Bruarøy og underteikna har prøvd å gjera vårt beste for innbyggjarane i Os kommune. Sjølvsagt er det ikkje enkelt å hoppa etter Wirkola. Og når denne Wirkolaen heitte Terje Søviknes vart det særs ikkje enkelt. Men me gjer det vi kan for å skjøtta verva våre på ein god måte.

 Og vi har fått både ris og ros. Noko vi lærer av heile tida. Utfordringar har det og vore. Både på god og vondt. Enten det var ei politisk krevjande sak eller ein fugl som tok agurknyhende til nye høgder. Ein kjem heller ikkje unna det at det har vore mykje aktivitet i prosessen mot den nye kommunen Bjørnafjorden. Første møte eg hadde i styringsgruppa blei ein heller tung oppleving. Men eg tenkte at ting går seg til. Då ein fortsette i fellesnemda med den same kjensla blei eg verkeleg bekymra over at ting går seg ikkje til, men vert vridd og vrengt i form av omkampar. Eg vonar at juleferie og påfyll av julekos og julegleder gjer eit godt påfyll av gode tankar, og ønsker for nye Bjørnafjorden kommune. Me trenger all tid og fokus på framdrift fram mot 2020.

Osbygdo lever godt. Med fortsatt god vekst i tilflytting viser at Os er ein attraktiv kommune å bu i for alle generasjoner. Og med siste nybygg, Luranetunet sin opning friskt i minne ser ein at Os igjen leverer. 

Budsjettet for 2018 vart vedteke for nokre dagar sidan. Rådmannen med sitt budsjett gav oss ikkje mykje politisk handlingsrom. Men vi fant nokre kroner til  gode og viktige saker som skal gagna både unge og eldre. Eg vil her særs trekkja fram gratis hall/lokale leige for born og unge, meistringsteam og på barnetrinnet, klasseturar for 10. trinn, utstyr til open omsorg,  oppgradering av uteområdet på Luranetunet og ved Kuhnletunet. Anbefalar at ein les budsjettet på Os.kommune.no.

FrP vil takka H og V for godt budsjettsamarbeid.

På heimebane gler vi oss ekstra til jul i år. Fyrste jul i nytt hus er alltid stas. Men ekstra spesielt for vår del når ein mista det vi hadde, og måtte bygga nytt. Men alt går seg til. 

Eg vil med dette takka alle for året som snart ebbar ut, og ønskje alle i alle grender, både i Os og Fusa, ei gledeleg og fredelig julehøgtid.

Laila Reiertsen
Varaordførar i Os

Fleire saker