Lokal | 21. jan. 2019

– Det manglar eit språk for overgangsalderen

Birgitte Hoff Lysholm har skrive bok om si eiga 40-årskrise.

– Det manglar eit språk for overgangsalderen
Birgitte Hoff Lysholm har skrive bok om overgangsalderen. Boka er ute i dag. (Foto: privat)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 21. jan. 2019 11:06

Det er no gått 22 år sidan Birgitte budde i Os.

I desse dagar bur ho i Oslo med mann og born. Sidan ho «sprang etter blålys for BA som 18-åring» har Birgitte mellom anna skrive for Dagbladet og KK.

No jobbar ho frilans, og då vart det tid for bok.

Kjende på eit aukande forfall

På telefon frå Oslo får vi eit innblikk i eit ønskje om å løfta eit tema som Birgitte meiner fortener meir debatt.

– Eg har no bikka 40, og med det byrja eg å kjenna på mitt eige forfall. Eg skal innrømma at eg reagerte med sjokk og vantru på det talmessige faktumet. Eg var jo ung og lovande, og i den trua at 40 skulle vera det nye 30.

Birgitte skildrar om eit samfunn kor vi stadig skal føla oss yngre enn kva foreldra våre gjorde på same tid.

– No har det blitt sånn at mellom 20 og 30 skal vi kvinner studera. Vi skal òg ut og sjå verda. Rekk vi det, skal vi attpåtil redda verda.

– Når vi rundar 30, skal vi byggja karriere og etablera oss. Då vert det brått ei brutal vending for mange når dei nærare 40 går i gang med å realisera born. Då er ikkje kroppen 25 lenger.

Doktor Google

Birgitte fortel ærleg om korleis ho sjølv hamna på internettet for å finna svaret på «kva som var gale».

– Nyttar du «Doktor Google» kan du vera sikker på éin ting; du har kreft.

– Eg ikkje stolt over tanken, men eg konkluderte med at mange vert jo frisk frå kreft, mens overgangsalderen er noko du ikkje kan gjera noko med. Det vart ei tøff erkjenning for meg. Eg trudde jo at overgangsalderen berre var noko for 60-åringar.

Med dette i bakhovudet byrja boka «Heit - en guide til overgangsalderen» å ta form.

Enorm kunnskapsbrist

Birgitte meiner det manglar ein reell debatt om overgangsalderen.

– Det er rett og slett eit vakuum der ute når det kjem til informasjon og klima for å snakka om dette. Éin tredjedel av alle kvinner går gjennom overgangsalderen med mindre eller ingen plager. Den andre tredjedelen har plager dei kan leva med, mens for dei siste er overgangsalderen ei livsendrande oppleving.

– Det er denne «hemmelege klubben» eg vil til livs med denne boka. Vi snakkar med borna våre om puberteten like lett som vi smører ei matpakke, men overgangsalderen, den er det ingen som har. Nett no er det 33.000 kvinner som opplev overgangsalderen.

– Eg vil at dei alle skal seia: «hei, det er ok å vera i overgangsalderen!».

Fredsmeklar

Er det noko i denne boka for oss menn?

– Heilt klart. Det manglar eit spåk for overgangsalderen, og for kvinner som står i det, er vel ordet «unnskyld» godt kjend.

– Denne boka er like viktig for menn. Tenk så kjekt å kunne snakka saman om dette i fredstid, ikkje når det einaste vi klarar å stotra fram som forklaring er «unnskyld».

– Boka er ikkje lang, ho er ikkje tung, men ho skal vera der til å pløya gjennom når du treng ho.

Skulle ikkje vera skriven av ein lege

Birgitte fortel at ho vart hanka inn av Kagge Forlag til å skriva denne boka. Føringane frå forlaget var at ho ikkje skulle skrivast av ein lege.

– Eg sto jo sjølv med éi hand i rynkekremen og ei hand i kvisekremen, så eg hadde jo inngåande innsikt, kjem det humrande frå Oslo.

– I tillegg til fagpersonar har eg intervjua både mor, mormor og fleire av venninnene mine i prosessen med boka.

Som lokal kuriositet er eitt av kapitla skrive på sommarferie i Os.

«Heit - en guide til overgangsalderen» kom i hyllene i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.