Politi | 10. nov. 2023

«Det oppsto ei hending mellom innbyggar og trafikant»

Politiet håper folk sluttar med omkøyring gjennom nabolag utan at dei må ut og ha kontroll på staden.

«Det oppsto ei hending mellom innbyggar og trafikant»
Kuvenbakken. (Foto: Google Streetview)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. nov. 2023 09:34

Onsdag fekk politiet klage på auka trafikk gjennom Holtbrekka og Kuvenbakken etter at Byvegen stengte måndag kveld.

Det er midlertidig gjennomkøyring forbode etter at Byvegen stengte, og oppmoding frå politiet torsdag var ikkje tilstrekkeleg.

– Vi fekk nye klagar i går. Det skal òg ha oppstått ei hending mellom trafikant og ein innbyggar som bur i området, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Vi kjenner ikkje til kva hendinga gjekk ut på, eller kven av partane som i etterkant kontakta politiet, og Birkeland fortel at dette var det einaste som sto i loggen.

Men Midtsiden fekk i går tips om at ein som bur i området gjekk midt i vegen, og ikkje ville flytta seg for bilist (denne setninga sto først formulert som om det var politiet, ikkje Midtsiden, som hadde fått tips om dette, og er no korrigert).

– Vi håper folk rettar seg etter gjennomkøyringsforbodet utan at vi må opp på staden og ha kontroll.

Blir du tatt i kontroll kan du venta deg eit forelegg på 7.800 kroner.

I går fortalte politiet om ein episode dei fekk melding om, der ein innbyggar i Hagavik fekk ein mann på døra som sa han var frå Telenor og måtte inn i huset for å sjekka internettilkoplinga.

I går kom to nye, tilsvarande meldingar, desse frå Strønevegen.

– Dei blei oppsøkt av ein som sa dei heldt på med bygging av fibernett i området. Ein patrulje blei sendt ut utan at dei møtte nokon denne gong heller.

– Vi gir same råd som før, undersøk med selskapet før du eventuelt slepp nokon inn.

Rundt midnatt fekk politiet klage på støy frå anleggsarbeid ved Plantasjen på Gudriflaten.

Dei sendte ingen til staden, men det kom heller ikkje fleire klagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.