Politi | 09. nov. 2023

Uhell og klage på høg trafikk i Holtbrekka

– Bruk omkøyring via Moberg, er politiet si oppmoding.

Uhell og klage på høg trafikk i Holtbrekka
Trafikk i Holtbrekka tysdag. Det er uvisst om bilane på bildet skal til eller frå eigen heim, eller om det er gjennomkøyring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. nov. 2023 09:17

Politiet har fått melding om uvanleg mykje trafikk i Holtbrekka og Kuvenbakken.

– Vi reknar med at årsaka er at Byvegen er stengt frå Holtbrekka til Giskavollen, seier politioverbetjent Atle Birkaland.

Onsdag ettermiddag var det òg eit uhell i området.

– Ein bil som skulle snu rygga inn i to parkerte bilar.

I dag er i tillegg Landboden stengt for asfaltering. Når du ikkje kjem deg gjennom Os sentrum med bil, kan presset på Holtbrekka auka.

Politiet oppmodar folk å køyra om skilta omkøyringsveg, altså via Moberg og E39.

– Vi vil minna om gjennomkøyringsforbodet, seier Birkeland.

Det var ikkje skilta med forbod mot gjennomkøyring i Holtbrekka og Kuvenbakken før, men skal ifølgje Birkeland vera det no.

Onsdag var politiet òg ute og avskilta ein bil. Årsaka var manglande omregistrering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.