Lokal | 28. nov. 2014

Det ser mørkt ut for Borgafjellet

Os Kulturutvikling fekk kontant svar av Telenor.

Det ser mørkt ut for Borgafjellet
I år skulle lysa tennast for 16. gong, i staden fekk Os Kulturutvikling beskjed om at det i framtida ikkje skal monterast lause element i mastene til Telenor. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. nov. 2014 13:02

I går fortalte vi om linene som var fjerna frå masta på Borgafjellet, linene Os Kulturutvikling sidan 1999 har brukt til å heisa julelysa med.

Les òg: Inga tenning på Borgafjellet?

I dag har Os Kulturutvikling fått svar, både på kvifor linene er fjerna og på spørsmål om dei får lov å henga dei opp igjen.

– Det blir dessverre ikkje lys på Borgafjellet, vi fekk eit kontant nei, seier Georg Jørgensen.

– Alt skal fjernast

Det var i sommar at Telenor gav Eltel bestilling om å fjerna alt som er montert av laust utstyr i alle mastene i Noreg.

– Alt skal vekk og ingenting skal opp igjen, var visst beskjeden dei hadde fått.

Etter intervjuet med Midtsiden i går har Jørgensen fått fleire spørsmål om kva som skjer med lysa. Han reknar med at mange blir skuffa over avgjerda.

– Vi gir oss ikkje, men det å få løyve, eventuelt finna ein annan stad å henga lyslenkene, vil ta tid. Denne jula blir det uansett ikkje.

150 meter med lys til overs

Dei tre lyslenkene, som kvar er 50 meter lange og har til saman 300 lyspærer, er eigd av Os Kulturutvikling.

– Vi har fått greie på kvar Eltel har lagt dei. Dei har visst eit lager her på Os.

– Vi vil no diskutera alternative plassar å lysa opp og er mottakeleg for idear, seier Jørgensen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.