Lokal | 20. des. 2017

Det vanskelege nybrotsarbeidet

Kommentar: Korleis skal det gå, om ikkje politikarane har tillit til kvarandre og set den nye kommunen i førarsetet?

Det vanskelege nybrotsarbeidet
Fellesnemnda har ein vanskeleg og tøff oppgåve framfor seg som krev hardt arbeid og stor tillit (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 20. des. 2017 09:43

Ja, de er vald av innbyggarane i Os. Og ja, de er vald av innbyggarane i Fusa. Men de er også vald av innbyggarane i det som frå 1.1.2020 skal bli Bjørnafjorden kommune.

At det kunne bli ei ny kommune med to eller fleire av dagens kommunar, burde velgjarane ha visst då dei røysta ved kommunevalet for vel to år sidan.

Det betyr at de, som politikarar, fekk eit mandat frå veljarane den gangen, også til å gjera det beste for den då ukjende kommunen. De fekk tilliten frå velgjarane om at kom ein dit at ein skulle slå saman Os og Fusa, så var de dei rette folka til å gjera den jobben.

No må de vise dykk tilliten verdig.

Det de har vist i fellesnemnda, og i eigne kommunestyrer, når de har diskutert Bjørnafjorden kommune så langt, legg ikkje eit godt grunnlag for det nybrotsarbeidet de er så heldige å få vera med på.

De er faktisk av dei få i norsk politikk som får vera med på noko av det største ein politikar kan oppleva. Og noko som ikkje skjer kvart fjerde eller åttande år. De er med på noko som i bestefall skjer ein gong i ein mannsalder!

Då må de ikkje skusla bort den moglegheiten de har til gjera det eg vil tru var motivasjonen då de blei politikara. – Det å gjera ein forskjell for samfunnet og innbyggjarane dokker, anten det er basert på ein politisk overbevisning om fellesskapet først, eller individet sin fridom og personeleg rettar.

De har ei vanskeleg oppgåve framfor dykk. De skal få to kulturar til å bli eitt, men det er nettopp det de skal . De skal få Bjørnafjorden kommune til å bli ein kommune, med ein kultur. Då er det feil å berre kjempa for det ein har i si kommune i dag, berre fordi ein ikkje ønskjer endringar. Det blir endringar, same korleis ein snur og vendar på det. Slik er det berre.

Det de må kjempa for er å få den nye kommunen til å bli den beste av seg sjølv. Omsynet de må ta er ikkje korleis har vi gjort det i Os eller i Fusa tidlegare, men korleis kan vi ta det beste frå kvar av kommunane, og skapa ein enno betre Bjørnafjorden kommune, slik at summen av 1+1 blir 3.

Det gjer de ikkje ved å sitta på kvar dykkar haug, men ved å ha tillit til kvarandre. ved å ha respekt for at de har ulike politiske syn, og ved å ha tru på at de alle rundt bordet vil innbyggarane i Bjørnafjorden kommune det beste. At de er usemde i kva som er best for innbyggjarane ut frå dykkar politiske overbevisning. Ja den kampen skal dykk ta. Men hugs at de sit rundt bordet som politikarar, til det beste for den nye kommunen.

Det er ei vanskeleg oppgåve de har framfor dykk, det er det ingen tvil om. Slik er det med alt nybrotsarbeid. Skal ein rydda nytt land krev det innsats, hardt arbeid og vanskelege val. Kva tre skal ein la stå, og kva tre skal ein ta for å skapa den beste marka for nydyrking og vekst. Det er oppgåva de har framfor dykk, og det er for korleis de løyser den oppgåva de vil bli hugsa når vi kjem til 2020, eller enno betre, når neste generasjon i 2040 eller 2050 ser tilbake på det de gjorde i desse to åra.

Lukke til!

Andris Hamre
journalisten på bakre benk...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.