Lokal | 22. mars 2020

– Dette handlar ikkje om partipolitikk

Svarer ordføraren: Nils-Anders Nøttseter (MDG) stemte nei på begge forslag.

– Dette handlar ikkje om partipolitikk
Nils-Anders Nøttseter (MDG), her i kommunestyret i februar i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. mars 2020 21:45

– Bjørnafjorden sine innbyggjare skal sikrast tryggheit og styring - eg meiner dette er tida for å leggja partipolitikk og symbolpolitikk til sides, skriv ordførar Trine Lindborg (Ap).

Ho klarte ikkje å få kommunestyre samstemt, noko som er naudsynt for å overføra makt til formannskapet.

Tanken var at formannskapet sine 9 medlemmar kunne møtast digitalt på ein enklare måte, jobba meir effektiv enn kommunestyret sine 35 representantar, og dermed fatta raskare avgjerder i løpet av koronakrisa.

SV og Magne Djuvik (uavhengig/PDK) kom med alternativt framlegg, MDG sine tre representantar stemte nei til både dette og administrasjonen sitt framlegg til vedtak.

– Dette handlar ikkje om partipolitikk, det handlar om gode prosessar og korleis vi best kan ivareta lokaldemokratiet i krisesituasjon, seier Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Vil samla kommunestyret i digital debatt

Han seier MDG er opne for å gi meir makt til formannskapet, slik det blei diskutert i førre møte.

– Men vi meiner at dette konkrete framlegget til vedtak var for omfattande, og det er uheldig at det kom som eit hastevedtak utan debatt eller høyring, og utan å forsøka andre måtar å løysa utfordringane på.

MDG vil tilrå at kommunestyret blir samla til ein felles videokonferanse for å debattera korleis dei dei politiske utfordringane kan løysast best i tida som kjem.

– KS tilrår å legge til rette for fjernmøter, ikkje til å delegere bort mynde frå kommunestyret, seier Nøttseter og viser til denne artikkelen på ks.no.

– Mellombels forskrift gjer det lettare å gjennomføra fjernmøter, og Bjørnafjorden har vedteke å vera ein heildigital kommune. Vi meiner at det er mogleg å gjennomføra digitale møter for heile kommunestyret.

– Dette handlar ikkje om partipolitikk, det handlar om gode prosessar og korleis vi best kan ivareta lokaldemokratiet i krisesituasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.