Kultur | 26. apr. 2019

– Dette har ungane verkeleg fortent!

Ei suksesshistorie om godt samarbeid - 8. mai opnar det nye uteområdet på Kuventræ barneskule.

– Dette har ungane verkeleg fortent!
Den nye skuleplassen til Kuventræ barneskule tek form - i desse dagar vert støvete grus erstatta med asfalt. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 26. apr. 2019 13:17

Bildeserie:

Som eit trafikksikrings-tiltak får skulen nye bommar - eit godt stykke frå skuleplassen. (Foto: KOG)
Som eit trafikksikrings-tiltak får skulen nye bommar - eit godt stykke frå skuleplassen. (Foto: KOG)
Denne tidlegare skråninga har no fått tribune og to stiar som kan nyttast som akebakkar til vinteren. (Foto: KOG)
Denne tidlegare skråninga har no fått tribune og to stiar som kan nyttast som akebakkar til vinteren. (Foto: KOG)
Heile grunnen er stabilisert - sandkassen er det einaste som står att frå «gamle dagar». (Foto: KOG)
Heile grunnen er stabilisert - sandkassen er det einaste som står att frå «gamle dagar». (Foto: KOG)
Rektor ved skulen, Olav Røttingen, gler seg til opninga 8. mai. (Foto: KOG)
Rektor ved skulen, Olav Røttingen, gler seg til opninga 8. mai. (Foto: KOG)
Det gjer nok denne gjengen òg ... (Foto: KOG)
Det gjer nok denne gjengen òg ... (Foto: KOG)
Sklie og akebakke. (Foto: KOG)
Sklie og akebakke. (Foto: KOG)
Framleis står det att ein del arbeid før opninga. (Foto: KOG)
Framleis står det att ein del arbeid før opninga. (Foto: KOG)
Kjem den nye Magnus Carlsen frå Kuventræ barneskule?
Kjem den nye Magnus Carlsen frå Kuventræ barneskule?
– Desse stativa skal tola alt av vêr, fortel Paus. (Foto: KOG)
– Desse stativa skal tola alt av vêr, fortel Paus. (Foto: KOG)
Volleybanen fekk seg eit etterlengta løft òg. (Foto: KOG)
Volleybanen fekk seg eit etterlengta løft òg. (Foto: KOG)
Tidlegare var det stor slitasje rundt dette treet - no er grasarmering på plass for å verna gras og røter. (Foto: KOG)
Tidlegare var det stor slitasje rundt dette treet - no er grasarmering på plass for å verna gras og røter. (Foto: KOG)
1 av 11

Torunn Paus frå teknisk drift i Os kommmune er synleg nøgd med at arbeidet med å rehabilitera uteområdet til Kuventræ no går mot slutten.

– Vi starta allereie i november i fjor, og sidan 2. januar har store delar av området vore avstengt. Det skal bli så kjekt å opna det opp att for ungane!

Paus kan allereie sjå attende på liknande opprustingar på skulane på Nore Neset, Lysekloster og Lunde.

Utfordrande grunn

Paus fortel at det var til dels utfordrande arbeid knytt til opprustinga på Kuventræ, og arbeidet starta på botnen, bokstavleg talt;

– Grunnmassane under skuleplassen var ikkje gode, og plassen var prega av telehiv og dårleg drenering. Ved hjelp av massar frå Ohara-prosjektet og bruk av geonett, ei matte som bind massane saman, har vi no ein plass som er eigna å bruka til leik.

Paus fortel at ein og annan kabel som ingen heilt visste kor låg, har dukka opp i samband med prosjektering og planlegging av gravearbeid.

– Vi har tilpassa plassering av apparata etter dette, og alle kart er no oppdaderte.

På tvers-samarbeid

– Det som har vore spesielt kjekt med Kuventræ si opprusting, er det gode samarbeidet vi har fått til internt mellom einingane i kommunen, fortel Paus.

– Basert på leikeplass-rapportar og innmeldingar frå skulane vart det satt opp ei prioriteringsliste for uteområda til dei ulike skulane i Os. No var turen endeleg komen til Kuventræ, og dette har vore ei suksess-historie. Vi har verkeleg fått nytta eigen kompetanse og mannskap i dette prosjektet.

– Skulen, foreldra og FAU vore gode samarbeidspartnarar i prosjektet. Frå kultureininga har vi henta hjelp og kompetanse til søknadsskriving til Fylkeskommunen og prosjektavdelinga har òg vore ei god ressurs for oss. I tillegg har samferdsel, gartanarane og gjengen på vass og avlaup vore involvert - dette kan seiast å ha blitt eit tverrfagleg kommunalt samarbeid.

Paus fortel at den totale kostnaden, inkludert 100.000 kroner som FAU har bidrege med, er på 1,6 millionar kroner, meirverdiavgift medrekna.

Akebakke, hinderløype og volleyball

Paus fortel at ungane på skulen no kan sjå fram til eit breitt tilbod av uteaktivitetar;
• Sklie
• To skråningar klare til å aka i når snøen kjem
• Sekskanta disse
• Hinderløype
• Klatrestativ
• To utandørs bordtennisbord
• Utandørs sjakkbord

I tillegg er den eksisterande volleybanen oppgradert, nye basketballmål er på plass og det vil bli merkt opp fotballbane, to minifotball-banar, kanonball-bane og handball-bane. Det einaste som står att frå tidlegare er den gamle sandkassen.

Redemption-day på Frigjeringsdagen

Rektor på Kuventræ barneskule, Olav Røttingen, ser no fram til å opna området for skuleborna.

– Vi planlegg opning og marking 8.mai. Det vert rett og slett litt «redemption-day» for oss etter denne lange perioden med arbeid, og ikkje minst venting for ungane. Vi skal verkeleg feira dette, og vi gler oss stort til å sleppa ungane forbi byggegjerda.

Knappe to veker før opninga er det framleis mykje som skal gjerast, og Paus kjem med ei oppfordring til dei som no går og ventar på å få sleppa til;

– Vi har dessverre sett at ein del tek seg forbi sperringane og er inne på anleggsområdet. Vi har opplevd at strips som skal gjera at apparata enno ikkje kan takast i bruk har blitt brotne, og vi ser spor etter aktivitet. Vi vil difor på det sterkaste oppmoda alle å respektara sperringane og venta til vi saman opnar den nye skuleplassen 8. mai, avsluttar Paus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.