Næringsliv | 09. mai 2011

– Dette har vi sakna!

Over elva etter kaffi: Venninnegjeng frå aust om elvo koste seg på nyopna Engeline.

– Dette har vi sakna!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. mai 2011 05:15

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 4
bilde
bilde
bilde
bilde

– Det er viktig at vi har fått ein sånn plass, ein heimekoseleg kafé midt i Os sentrum, seier Anne-Grethe Skaathun.

Det var tett mellom dei fine tilbakemeldingane då Kafé Engeline opna i Brugata laurdag.

– For oss som har vore vane med å gå på Osingen, Matstova og Intim, som var her på denne tomta, er dette eit etterlengta tilbod.

– Det gjeld ikkje berre oss, vi møter ofte turistar som er på jakt etter ein kafé i sentrum. Endeleg kan vi visa veg, supplerer venninnene.

Proff og personleg

Sidan februar har lokalet vore under oppussing, laurdag 7. mai kunne søstrene Dagrun Fjellbakk og Borghild Strønen endeleg opna dørene. Dei to bestemødrene hadde lenge snakka om, mest på spøk, å starta kafé på Os.

Då dei for drygt eit år sidan arva nokre ting, og sa «denne kan vi ha på kafeen», blei det etterkvart nesten nok til ein kafé.

Dei to har sans for gjenbruk, og har med nyoppussa lokale i kombinasjon med brukte møblar klart å skapa ein kafé med reine linjer og moderne kjøkken samstundes som den er intim og koseleg.

Ute og inne

Mesteparten av oppussingsarbeidet har skjedd under tak, men delar av uteplassen mot Oselvo har blitt ny.

– Det har blitt ein nydeleg plass, seier Grethe Myksvoll.

Ho fann roen med venninnene Vigdis Sydnes og Wenche Sande på den nye terrassen laurdag.

– Det er ikkje berre her ute det er fint, atmosfæren som møtte oss i det vi gjekk inn døra var heilt utruleg. Dette har bestemødrene frå Strøno verkeleg fått til! meiner Myksvoll.

Sjølv var Dagrun, Borghild og dei mange hjelparane som var med på opningsdagen travle, men nøgd med starten.

– Vi hadde ein koseleg kveld med smugopning med intim-gjengen torsdag kveld, både då og i dag var det mange som kom med fine kommentarar. No blir det spennande med kvardag og kafédrift, sa Borghild på opningsdagen.

Søstera Dagrun skal saman med tre deltidstilsette stå for drifta dei seks dagane i veka kafeen held ope.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.