Næringsliv | 13. apr. 2010

- Dette passa dårleg

Finanskrise, hard vinter og no: Streik.

- Dette passa dårleg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. apr. 2010 07:46

Meklinga mellom Fellesforbundet og Byggenæringens Landsforening (BNL) braut saman i natt.

Meklingsmann Merete Smith fann ikkje grunnlag for å legga fram skisse til løysing, dermed blei det streik. Nærmare 19.000 medlemmar i cirka 800 bedrifter vil bli omfatta av streiken.

Nok no
Fleire bedrifter i Os er ramma, og den som merkar det mest er Vestafjell med 37 som er tatt ut i streik.

- Eg trudde byggebransjen hadde fått sitt for ei stund, med finanskrise og hard vinter. No var det endeleg vår og tid for å gripa tak i ein kraftig ordrereserve, så skjer dette, fortvilar Vestafjell-direktør Stein Ove Halhjem.

Ute for å orientera
Halhjem er nesten åleine på kontoret, som etter flytting frå Landboden i Os no ligg på Midttun.

- Vi har leiarane ut på byggeplassane for å sjekka status og svara på spørsmål. Det er litt kaos akkurat no.

- Fleire blir ramma
Blant Vestafjell sine aktivitetar i Os er seniorbustadar på Lurane og driftsbygning til vassreinseanlegg på Hetleflåten.

- Held streiken fram blir endå fleire ramma. Når den eine ikkje får utført sitt arbeid blir det ikkje klart til at neste handverkar slepp til.

I tillegg til Vestafjell, som no er flytta ut av kommunen, er desse Os-bedriftene ramma:
Malermester Frode Heggland AS: 9 tilsette i streik
Malerfirma R. Heggland AS: 6 tilsette i streik

- Vi har framleis uorganiserte som kan utføra ein del arbeid, men vi må passa på så ikkje det oppstår konflikt mellom dei streikande og dei uorganiserte. Det er det siste vi vil, seier Halhjem.

Les meir om streiken på fellesforbundet.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.