Fritid | 11. jan. 2024

Disco on ice på Strønevatnet

– Fleire har vore her sidan klokka 15.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. jan. 2024 17:11

Skøytegleda held fram på dag- og kveldstid ulike stadar i Osbygda. Også vest i skjergarden ser det ut til å vera gode forhold.

Vesle (men 40 meter djupe) Strønevatnet har òg fått farbar is.

Der har det vore full aktivitet på isen sidan måndag.

(Foto: privat)
(Foto: privat)

– I dag er det fleire frå same nabolag som har tatt med utstyr.

– Bålpanne, høgttalar og discolys er på plass, så her er det disco on ice, fortel Kamilla Lindborg Carlsen.

(Foto: privat)
(Foto: privat)

Nokre kom klokka 15, og har framleis ikkje gått heim.

– Eg trur det er fleire som har tatt middagen her, og dei ser ikkje ut til å bli lei. Det gjeld å nytta sjansen når vi, for første gong på tre år, har gode forhold!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.