Båt og sjøliv | 25. mars 2022

Fylket deler ut 5,1 frilufts-millionar

Bjørnafjorden får 28.000 kroner til eitt område.

Fylket deler ut 5,1 frilufts-millionar
Friluftsområdet Stokkavika ligg i Nordstrøno med sti frå Skipavika. Parkering er lettast ved skulen (til høgre). (Kommunekart.com)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. mars 2022 13:29

Hovudutval for kultur, idrett og integrering løyvde i møtet onsdag 23. mars 5,1 millionar kroner til ulike tiltak i friluftslivet i fylket, frå Stord i sør til Stryn i nord.

Vestland fylkeskommune har eit regionalt ansvar for å ta vare på friluftsinteressene i fylket. Det skjer ved rettleiing, rådgjeving, regional planlegging og ikkje minst gjennom tilskot.

– Målet vårt er at alle som ønskjer det skal ha høve til å drive friluftsliv i området der dei bur. Friluftslivet gagnar folkehelsa, det skaper trivsel, og det er miljøvenleg, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Kven får tilskot?

Oversikt over kven som får tilskot i dei ulike ordningane finn du i saksframlegga.

Tilrådingane i alle tre sakene vart vedtekne som dei står i saka.

Sjå listene på vestlandfylke.no

Tilrettelegging i statleg sikra område

Den eine tilskotsordninga hovudutvalet gjorde vedtak i, gjeld tilskot til tiltak i statleg sikra friluftsområde.

Her vart 4,26 millionar kroner fordelte til tilrettelegging og skjøtsel slik at områda skal vere lett tilgjengelege og attraktive for allmenta. 260 000 kr er øyremerka universell utforming i friluftsområda.

Til saman får 26 ulike friluftsområde i 16 kommunar støtte i denne runden.

I Bjørnafjorden kommune er det eitt område som får midlar.

BOF kan pussa opp for 28.000 kroner i Stokkavika i Nordstrøno.

Det var også søkt om midlar til Skjelavika, men det blei ikkje innvilgd.

I tillegg får Bergen om Omland Friluftsråd 1,65 millionar i «frie» midlar til skjøtsel, som dei brukar i mange ulike friluftsområde i fleire kommunar.

Uttale til departementet

– Friluftsliv spelar ei viktig rolle for å nå mål tre i utviklingsplanen vår om lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv. Og det er viktig for å nå berekraftsmålet til FN om god helse og livskvalitet. Såleis er det ei stor glede at Vestland fylkeskommune kan vere med å leggje til rette for friluftslivet i fylket, seier Davies.

Utvalet vedtok også å utarbeide ein uttale til Klima- og miljødepartementet om utfordringane for friluftsråda og andre etter at regjeringa i fleire år har redusert tilskotet til sikring av friluftsområde.

Koronapandemien har gitt ei formidabel auke i bruken, men også slitasjen i områda. Det gir meir arbeid for friluftsråda og kommunane, ikkje mindre.

Friluftslivets ferdselsårer

I tillegg til dei vel fire millionane til statleg sikra område, fordelte hovudutvalet også 855.000 kroner til prosjektet friluftslivets ferdselsårer.

Dette er eit nasjonalt prosjekt, der kommunar kan få støtte til å identifisere, ta vare på, utvikle og legge til rette for friluftslivet ferdselsårer.

Åtte kommunar får no tilskot til å starte arbeidet med plan for friluftslivets ferdselsårer. I tillegg får tre kommunar tilskot til å følgje opp planane dei er i gang med.

Hovudutvalet behandla også ei tredje sak om friluftslivet, men løyvde ikkje pengar direkte der.

Saka gjeld statleg sikring og grunnleggande istandsetjing av friluftsområdet.

Hovudutvalet tilrår at Miljødirektoratet gjer vedtak om sikring og løyver pengar til desse to områda i Vestland:

  • Peralio i Tysnes kommune
  • Hisøya i Bømlo kommune (der er søkjar Friluftsrådet Vest)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.