Fotball | 25. juni 2023

Dobbel Dang og tre poeng

Lysekloster vann på bortebane.

Dobbel Dang og tre poeng
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. juni 2023 21:10

Lysekloster spelte bortekamp på Austlandet i går. Kampen gjekk mot Lokomotiv Oslo, som sto med 2-5-3 før 11. runde.

Serieleiar Lysekloster opna bra, og gjekk i føringa då Alexander Dang, på heil volley banka inn eit innlegg som kom i hoftehøgde i 15. minutt.

Vertane utlikna etter noko klabb og babb i boks på eit frispark frå sidelinja, og 1-1 sto seg til pause.

Det blei ikkje mange skåringar i andre omgang, men i 74. minutt kom nok eit innlegg frå høgre kant, denne gong langs bakken, og Dang pirka den lett forbi keeper til matchvinnande 1-2 til Lysekloster.

Lysekloster har no vunne 10 av 11 kampar.

Dei held seg dermed 7 poeng framfor dei neste på tabellen, Frigg og Os med kvar sine 23 poeng.

Med to mål klatra Dang tilbake til 2. plass på toppskårarlista i avdelinga, forbi Daniel Kvalvågnes på Os.

Sommarferien i Norsk Tipping-ligaen startar ikkje før i midten av juli, og Lysekloster sin neste kamp går heime mot Skedsmo på 7. plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.