Næringsliv | 14. des. 2012

Dobla på to år

Gasellebedriftene i Os: Sperrevik Elektro AS er blant selskapa i Os med høgast vekst. Amund Sperrevik fortel om vellykka satsing på lærlingar.

Dobla på to år
Amund Sperrevik frå Sperrevik Elektro AS. Her i jobb på Osbrua. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. des. 2012 11:02

årets liste over gasellebedrifter i Hordaland, som er basert på rekneskap frå 2008 til 2011, finn vi 4 bedrifter frå Os kommune:

33. plass: Fløysand Tak AS (242 % vekst i perioden)
89. plass: Himo AS (267 % vekst i perioden)
142. plass: Sperrevik Elektro AS (132 % vekst i perioden)
146. plass: Nordtrading Butikk AS (119 % vekst i perioden)

– Vi har vore heldig med dei tilsette og har ein gjeng som verkeleg står på, seier Amund Sperrevik (37).

Faren Leif Harald Sperrevik har vore i elektrikarbransjen sidan Amund var liten. I 2005 starta dei eit selskap saman, og sjølv om mange i handverkarbransjen har problem med å skaffa folk, har Sperrevik 1 og 2 ikkje hatt vanskar med rekrutteringa.

– Dei siste åra har vi hatt fire lærlingar. To av dei er no ferdig utdanna montørar, og jobbar framleis for oss, dei to andre er framleis lærlingar.

– Det er ein del som klager over dagens ungdom, men vår erfaring er motsett. Vi har fått inn smarte og praktisk flinke lærlingar med god arbeidsmoral.

Amund seier han også er glad for å ha med ein stabil og erfaren arbeidsstokk, også i faren Leif Harald, som er med i bedrifta vidare, men som no i vinter skal gje meir av styringa og større del av aksjeposten over på sonen.

– Det har gått fort i svingane i 2012 og, så eg har rett og slett ikkje oversikt over kva tal vi landar på. Truleg blir det litt likt som i 2011. For 2013 ser det veldig bra ut, vi har blant anna nokre store oppdrag på Austevoll så det blir pendling for fleire av oss frå januar til desember, seier Amund Sperrevik.

Meir om gasellene frå Os

Fløysand Tak AS er eigd av Fkhs Invest AS (89,8%), eit selskap som igjen er eigd av fire like store eigarar, Gudmund Fløysand, Geir Ole Skogvang, Hjørnevik Invest AS (brørne Robert og Eirik Hjørnevik) og Knas-invest AS (Knut Haddal og Asle Andersen). Fløysand Tak har vakse i omsetnad frå 27,7 millionar koroner i 2009 til 37,1 mill i 2010 og 49,1 mill i 2011. Selskapet gjekk i 2011 med eit overskot på 701.000 kroner.

Himo AS driv med oppføring av hus og er eigd av Børge Hirth Moberg og Rolands Baranausks med 50 % kvar. Selskapet har vakse frå 4,7 millionar kroner i omsetnad i 2009 til 7,2 mill i 2010 og 9 millionar i 2011. Selskapet gjekk 492.000 kroner i overskot i 2010, men hadde 152.000 kroner i underskot i fjor.

Sperrevik Elektro AS er eigd av Leif Harald Sperrevik og sonen Amund Sperrevik, med 60/40 prosent kvar. Selskapet har vakse frå 6,7 millionar kroner i omsetnad i 2009 til 7 mill i 2010 og heile 12,6 mill i 2011. Selskapet har gått med overskot alle desse åra, i fjor var årsresultatet 1,8 millionar kroner.

Nordtrading Butikk AS, som eig og driv butikken Lysthuset på AMFI Os, var også gasellebedrift i fjor. Selskapet er eigd av Monika Nord og vaks i omsetnad frå 1,9 mill i 2009 til 2,9 mill i 2010 og 3,2 millionar kroner i 2011. Selskapet gjekk med eit overskot på 105.000 kroner i fjor.

Færre gaseller enn før

I år viser DN ei liste over 4 gasellebedrifter frå Os.

Til samanlikning hadde Os 3 gasellebedrifter på lista som blei lagt ut i 2011.

• 10 gaseller i 2010
• 12 gaseller i 2009
• 14 gaseller i 2008.

Om gasellebedriftene

"Gaselle" er eit namn Dagens Næringsliv har innført for norske bedrifter med ryddig økonomi og jamn vekst over fleire år. Av alle aktive bedrifter med omsetnad over 1 million kroner er det kvart år berre cirka 5 prosent som kan kalla seg gasellebedrift.

Gasellebedrifter må ha:
• Levert godkjente rekneskap
• Minst dobla omsetnad over fire år
• Omsetnad på over éin million kroner første år
• Positivt samla driftsresultat
• Unngått negativ vekst
• Vore organisert som aksjeselskap

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.