Kultur | 22. mars 2012

Dobla standup påskeaftan

Fem nye komikarar på veg: Påskeaftan er det ny klubbkveld - i dobbel dose.

Dobla standup påskeaftan
Irish-sjef Patrick de Castro og standup-Jon er klare for dobbel komikveld påsekaftan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. mars 2012 09:52

Laurdag 3. mars hadde den nystarta standupklubben Råkt Opp & Ned, med grunnleggar Jon Hægland frå Standup Bergen-stallen i spissen, første klubbkveld på Irish Cat i Os.

Showet blei utselt på billettservice formiddagen i forvegen, tilbakemeldingane var strålande og i neste veke blir billettane til neste klubbkveld, påskeaftan 7. april, lagt ut.

– Sist la vi ut 80 billettar, no legg vi ut 200, 100 klokka 18, med 18-årsgrense, 100 klokka 21, med 20-årsgrense, fortel Hægland.

– Påskeaftan er frå før ein god dag for utelivsbransjen, og med suksessen sist ville vi både auka kapasiteten denne kvelden og gje rom for at 18-åringane i bygda kan få med seg ein komikveld på Os.

Han legg til at begge showa er opne for dei over 20, men at første runde altså har redusert aldersgrense. Billettsalet startar over helga.

Nye trekkplastre

Det er ikkje berre det gode billettsalet, den svært gode publikumet og forventningane til påsken som gjer at Hægland aukar talet på billettar neste klubbkveld.

– Vi har sjølvsagt fem nye komikarar til Os denne kvelden, og dei er av grovt kaliber, med Stian Blipp i spissen, seier Jon.

Dette fortel han om utvalet til Råkt Opp & Ned i neste runde:

Stian Blipp: Tenk at vi allereie kveld nummer to skulle få sjølvaste Stian Blipp på besøk til Os! Han har, trass sin unge alder, hatt ein kometkarriere i eit tempo som hadde fått forskarane i CERN til å skalla kvarandre ned. Innan både standup og radio. Leier no sitt eige program, ”verdens rikeste land”, på P3. Kåra til årets radiotalent i 2011 og vann også årets skjemtegauk innan standup tidlegare same år. Har ein utrulig energi på scenen og imponerande beatbox-skillz som han i tide og utide flettar inn i vitsinga. Eit must!

Ole Soo kjem frå Knarvik, Korea og Olsvik. Det går på mirakuløst vis likevel greit med han. Har hatt ein kometkarriere og har stått i både inn- og utland. Skriv vitsar som ein veteran og kan faget til fingerspissane. Han har også haugevis med sjølvironi, er løytnant i sjøforsvaret og vann P4s ”komiidol”. Berre det er jo morosamt nok.

Pål Rønelv er ein talsmann for dei med skeivt blikk på verda. Pål er ikkje blant dei kvalme, sjølvgode menneska som surfar på toppen av bølgja heile livet. Han er ein av dei som for det meste ligg inni bølgja og blir kasta rundt av kreftene, men han får fram at det har sin verdi det også. Fantastisk likandes kar. Vann vestlandsmesterskapen i standup (på danskebåten) og har mykje erfaring frå rundtomkring i landet.

Ørjan Buen er ei av dei nyaste spirene vi har Bergen. Tilbakelent, uredd og arrogant. Gjev fullstendig faen. Han testar ut det han synes er morosamt og bryr seg ikkje døyten om kva andre seier han bør og ikkje bør gjera. Det kostar ein del skeive blikk frå publikum, men hugs at det er ei grunnhaldning som han deler med mange av menneskehistoriens største geni. Vi trur han vil blomstra og gjev han sjansen. Det bør du også gjera.

Olav Svarstad Haugland blei kåra til Noregs mest morosame student i 2010. Har bygd seg opp eit skikkeleg godt namn og rykte i ettertid (noko som er imponerende med tanke på det etternamnet). Veldig sikker på scenen og held stand heile veien. Han drar gjerne fram ukulelen og drar ein trall òg. Før du får panikkanfall kan vi opplysa om at han syng en god del betre enn mora hans. Olav er kvelden konferansier.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.