Lokal | 09. feb. 2015

Dømd til fengsel og samfunnsstraff

Kjøpte varer for 30 000 på nettet med stolne kreditt- og visakort. Dømd til 60 dagar fengsel og 240 timar samfunnsstraff.

Dømd til fengsel og samfunnsstraff
Kvinna var tiltalt for 13 tilfeller av posttjuveri eller mottak av stolen post (ill.foto: KVB)
Andris Hamremandag 09. feb. 2015 14:52

Kvinna som i fjor haust blei gripen mistenkt for fleire post-tjuveri blei i førre veke dømt til 60 dagar ubetinga fengsel og 240 timar samfunnsstraff.

I dommen kjem det fram at kvinna har stole fleire kredittkort, visakort og andre bonuskort, i tillegg til ei mengde anna post frå september 2013 fram til ho blei gripen like før jul. Også etter at ho slapp ut frå varetekt har ho igjen stole frå fleire postkassar i Os, seinast i januar i år.

Ho var også tiltalt for å ha motteke post frå andre, sjølv om ho visste at denne var stolen. Heile 13 av tiltalepunkta mot kvinna går på post-tjuveri eller mottak av post som ho visste var stolen.

Handla på nettet for 30 000

I oktober 2013 har kvinna klart å lura ein post i butikk i Bergen til å betala ut 5000 kroner på eit Visa-kort tilhøyrande ei anna kvinne. Ho ha i den saka utgitt seg for å vera korteigaren.

Omlag eitt halvt år seinare, i mai 2014, nytt kvinna eit stole Mastercard til å handel varer på nettet til ein samla sum på 20 415,70 kroner. Ytterlegare nokre månader seinare, i oktober, nytta ho eit Visa-kort, tilhøyrande ei verksemd i Os, til å handle varer og kler frå nettbutikken til ei større kleskjede. Totalt handla ho varer for minst 9000 kroner i følgje dommen.

Køyrde i rusa tilstand

I tilegg til tiltalen om post-tjuveria sto kvinna tiltalt for i januar 2014 å ha køyrd bil i rusa tilstand. Kvinna var rusa på amfetamin, klonazepam og THC tilsvarande meir enn 1,2 i blodalkoholprosent.

I retten gav kvinna ein uforbehalden tilståing og saka blei avgjort med tilståingsdom.

Kvinna blei dømd til 60 dagar ubetinga fengsel, med fratrekk av 45 dagar kor ho har vore varetektsfengsla. I tillegg blei ho dømd til 240 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på seks månader, subsidiært 8 månaders fengselsstraff. Ho fekk òg ei bot på 5000 kroner og blei ilagt sperrefrist på førarkort for alltid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.