Lokal | 23. okt. 2014

Dømt til fengsel etter fleire tjuveri

På 6 månadar utførte han 9 innbrot og stal 2 bilar og 1 båt. No må han sona i 7 månadar.

Dømt til fengsel etter fleire tjuveri
Bergen tinghus. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. okt. 2014 07:06

Ein mann frå Tysnes er dømt til fengsel i 7 månadar og til å betala til saman nesten 250.000 kroner i erstatning etter 9 innbrot i næringsbygg, campingbil, bil og hytte, dei fleste på Tysnes.

Han er også dømt for tjuveri av bil og båt på Tysnes og ein personbil han stal i Os i april og kjørte til Bergen med.

I tillegg er han tatt for oppbevaring og bruk av narkotika, i hovudsak amfetamin, men også hasj og heroin, og for fleire tilfelle av kjøring i rusa tilstand utan førarkort.

Sikta møtte i retten og tilsto alle forholda. Vedkomande blei dømt til 7 måndar fengsel utan vilkår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.