Sport | 30. nov. 2017

Dømte landskamp

Dommarar frå Os dømde Håndballjentene si siste gjennomkøyring før VM.

Dømte landskamp
Nore Neset-dommar Fredrik Andresen dømde landslaget sin treningskamp mot Sør-Korea saman med Charles Whiteley frå Os handball (privat foto)
Andris Hamretorsdag 30. nov. 2017 10:12

Onsdag førmiddag gjorde handball-landslaget dei siste førebuingane før VM i Tyskland med treningskamp mot Sør-Korea i Sotra Arena. Handballjentene med osingen Emilie Christensen på laget set seg i dag på flyet til Tyskland.

• Les óg: Frå leik til landslag

Til å leie kampen hadde landslaget fått to dommarar frå Os. Fredrik Andresen (Nore Neset) og Charles Whiteley (Os Handball).

– Det var ein artig ny oppleving, med trenarar og spelarar på eit nytt nivå.

– Kampen gjekk greit. Eg trur det blei ei grei gjennomkøyring for begge laga i ein kamp som Noreg vann med 15-16 mål, fortel Andresen som steppa inn då Whiteley sin makkar ikkje var tilgjengeleg.

Gode tilbakemeldingar

Andresen fortel at tilbakemeldingane frå landslagstrenar Thorir Heirgeirsson stort sett var gode.

– Vi fekk gode tilbakemeldingar frå Thorir. Sjølvsagt hadde han nokre ting han peika på i høve korleis det til vanleg blir dømt på dette nivået. Dette tek vi med oss i jobben med å utvikla oss vidare som dommarar, seier Andresen.

Sikter mot eliten

Andresen, som til vanleg dømmar saman med klubb-kamerat Jørgen Wold, fortel at det har vore ein travel haust.

– Vi fekk debuten vår i kvinner 2. divisjon i vår og fekk beskjed om at det nok ikkje blei så mange kampar på det nivået i haust, men vi har klart å ta steg og utvikla oss, så hittil har vi dømt mellom tretti og trettifem kampar i 2. divisjon kvinner og menn. Totalt har vi rundt seksti kampar med 2. divisjon, 3. divisjon og Lerøyserien.

– Vi filmer eindel av kampane vi dømer for å sjå korleis vi gjer det. Det er artig å sjå at vi har utvikla oss gjennom sesongen.

– Kva er planane vidare?

– No var vi på trainee-samling for eliteserien i Oslo forrige helg. Målet er å komma fast inn i den gruppa til sommaren og gjennom det ta steget opp i eliten. Kampaktiviteten vi har fått, og får 2. og 3. divisjon, er viktige skritt på vegen, avsluttar Andresen.

I kveld dømer han og Wold toppoppgjeret i herrenes 2. divisjon mellom FyllingenBergen2 og Bjørnar i Framohallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.