Lokal | 18. des. 2016

Drakk to øl før han blei tatt

Politiet tok øltjuven, men kunne ikkje levera alt tjuvgodset tilbake til butikken.

Drakk to øl før han blei tatt
Politiet tok øltjuven, som allereie hadde drukke to av dei fem øla han er mistenkt for å ha stole. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. des. 2016 08:38

Laurdag ettermiddag fekk politiet melding om tjuveri av fem øl frå ein av Rema 1000-butikkane i Os.

– Vi rykte ut klokka 15.57 og det gjekk ikkje lang tid før patruljen møtte mistenkte, fortel Kjersti Eidsnes, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Mistenkte, ein mann på rundt 40 år, hadde allereie rekt å drikka to av dei fem ølboksane. Han er meldt for tjuveriet.

Katt påkøyrd på ferjekai

Ein katt blei påkøyrd på Halhjem ferjekai laurdag.

Eigar kom til staden og tok katten med til veterinær.

To trafikkontrollar

I 22-tida laurdag hadde politiet dokumentkontroll på E39 Halhjemsvegen. 27 bilar blei kontrollerte.

Det blei skrive ut eitt gebyr for ikkje å ha med seg førarkort, i tillegg blei éin meldt grunna køyring med tilhengar vedkomande ikkje hadde lov å slepa.

I 1-tida i natt sto politiet med promillekontroll på Lepsøyvegen ved Hagavik Hjemmebakeri. 32 bilistar blei kontrollerte.

Ingen hadde promille, men éin hadde gløymt å ta med førarkort og éin køyrde utan bilbelte.

Krangel i sentrum

Klokka 4 natt til søndag var politiet ved Esso-stasjonen, der det var noko krangling.

– Patruljen var i dialog med eit par i 30-åra. Det var visst ein del hyling og skriking, men det heile roa seg, fortel Eidsnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.