Lokal | 08. okt. 2019

Dramatisk - men ikkje overraskande

Årsak og status: Framlegg til statsbudsjett gir verken opp- eller nedtur for Bjørnafjorden kommune.

Dramatisk - men ikkje overraskande
Rådmann i Os og komande rådmann i Bjørnafjorden kommune, Christian F. Fotland, vil ha ny kommune på rett kjøl allereie i 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. okt. 2019 13:20

I går la regjeringa fram forslag til statsbudsjett for 2020. Då skreiv blant andre Bergens Tidende om sjokk og katastrofe, med rådmann Christian F. Fotland og komande ordførar Trine Lindborg på framsida av dagens avis.

Men rådmannen kjem med dei same tala som han har snakka om i nesten to år, seinast i kommunestyret for to veker sidan. 30 til 50 millionar kroner i minus i 2020.

– Hadde du rekna med meir enn kva Bjørnafjorden ligg an til å få?

– Nei. Tala er dramatiske, men det er ikkje nokre negative overraskingar i forslaget til statsbudsjett, anna enn at reduksjonen i veksttilskotet blei litt større enn venta (les meir om dette lengre nede i artikkelen).

– Eg har fått BT til å fjerna ordet «sjokk» frå nettutgåva, men ser den står på trykk i dag, seier Fotland til Midtsiden.

Kan få meir av fylket

Bjørnafjorden kommune får 312.000 kroner meir enn Os og Fusa fekk til saman i 2019. Det tilsvarar 0 prosent vekst. Til samanlikning får Askøy kommune rundt 43 millionar kroner meir enn året før. Dei skal ikkje slå seg saman med nokon.

– Det vi hadde håpa på, som vi førebels ikkje har fått, er ei auke frå Fylkesmannen. Fylkesmannen har eit skjønstilskot, men der har vi fått 5,9 millionar kroner, det same som Os og Fusa fekk til saman i år. Heldigvis seier Fylkesmannen at det framleis er midlar igjen som skal fordelast, så det er ikkje umogleg at vi får noko meir.

Kvifor går det mot stort minus?

Til sjølve prosessen med kommunesamanslåing har Fusa og Os fått 25,6 millionar kroner i år og får 21,6 millionar i 2020. Fotland har rekna saman arbeidstimane som har gått med, og kostnaden kjem opp i 100 millionar kroner.

– Likevel blir det feil å seia at vi har fått 54 millionar for lite. Vi har i stor grad brukt eigne folk til prosessane, og dei har gjort eit stykke utviklingsarbeid for kommunane som vi uansett, i alle fall delvis, ville brukt tida på, kvar for oss.

Dei to hovudårsakene til at han manglar 30-50 millionar på budsjettet for 2020 er desse:

1. Veksttilskotet som Os har fått, grunna folkevekst, har vore på 14 millionar kroner. Dette er redusert til 800.000 (mot 5-6 millionar, som rådmannen rekna med å få). Utrekninga baserer seg på tal tre år tilbake, Os veks mindre enn før, Fusa har nullvekst.

2. Fusa har vore drifta delvis på eigedomsskatt. Dette utgjorde over 14 millionar kroner i inntekter i året. Fleirtalet av politikarane har sagt nei til eigedomsskatt i Bjørnafjorden kommune.

– Alle parameterar i rammetilskot frå Staten jobbar dessverre mot oss. Fusa fekk eit tilskot som blei gjeve til inntektssvake kommunar, dette får vi ikkje som Bjørnafjorden kommune. Dei fekk òg tilskot fordi dei hadde ein geografisk stor kommune med få innbyggarar, altså ein tungdriven kommune. Også dette forsvinn. I Bjørnafjorden bur dei fleste (dei i Os) tett.

På rett kjøl i 2021

– Det er vel noko å spara på å gå frå to til éin kommune?

– Ja, i administrasjon og leiing, men det er ikkje dei store summane. Det er mykje vi framleis må ha to av, som brannvesen, heimesjukepleie og legevakt. Nokre synergiar vil vi få etterkvart, vi kjem til å jobba kontinuerleg med dette også etter samanslåing.

I arbeidet med første budsjett for Bjørnafjorden kommune, førebur rådmannen òg eit omstillingsarbeid, «Bjørnafjorden 2022».

– Vi må nok stramma inn organisasjonen noko, vi jobbar for å løysa dette utan å seia opp nokon, at folk som sluttar eller pensjonerer seg ikkje blir erstatta.

– Så Bjørnafjorden kommune vil vera i balanse i 2022?

– Før den tid, reknar vi med. Vi kjem kanskje ikkje heilt i balanse i 2020, men i 2021 skal vi vera der.

Dette er trass plassering av havbruksmidlar i fond. Os kommune har 5-6 millionar kroner i året i inntekt frå havbruksnæringa si drift i fjordane, og har sett desse pengane i fond. Fusa har fått 20 millionar i året, og brukt pengane til drift. I Bjørnafjorden kommune skal også desse 20 millionane setjast av, og ikkje gå til drift.

– Vi ser på inntektene frå havbruksnæringa som usikre inntekter, dei kan endrast av Staten og bør ikkje leggast inn som ei fast inntektskjelde. Derfor skal vi heller setja desse av til sparing og eventuelle investeringar, forklarer Fotland.

– Det totale budsjettet er på 1,6 milliardar (1,3 Os, 0,3 Fusa). Om Bjørnafjorden kommune, som har pengar på bok, går 30 millionar i minus første år, men er i balanse i 2021, er det så dramatisk?

– I den store samanhengen er det ikkje så mykje, men 30-50 millionar er likevel ein del pengar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.