Fotland fortalte storleiken på utfordringa «så politikarane kunne byrja å tenkja». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Manglar 30 til 50 mill første driftsår i Bjørnafjorden

Økonomisjefen fortalte om Os si avkasting - rådmannen om komande utfordringar i ny kommune. 

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

På budsjettkonferansen i november i fjor fortalte rådmann i Os kommune, og i komande Bjørnafjorden kommune, om dei økonomiske utfordringane vi står ovanfor når Fusa og Os blir slått saman 1. januar 2020.

Os kommune viste i februar at dei i 2018 leverer over det Staten ventar for sjuande år på rad, ein resultatgrad på 6,49 % mot forventa 1,75 prosent. Netto driftsresultat blei på heile 105,8 millionar kroner, rekneskapsmessig overskot landa på 46,9 millionar kroner.

Redusert rammeoverføring frå Staten på 17 million og fjerning av eigedomsskatt (Fusa) på 15 millionar kroner er blant årsakene til at drifta blir tøffare dei første åra i ny kommune.

– Det er fristande å koma med tal, det skal eg ikkje gjera no. Men det ligg i storleiken 30-50 millionar kroner i utfordring første driftsår. Eg nemner det no, sånn at de kan byrja å tenkja, sa Fotland til politikarane i kommunestyret tysdag.

oskommune.no:
Sjå dokumenta til møtet
Sjå videosendinga frå møtet

– Vi jobbar administrativt med å finna gode alternativ som de politikarar kan ta stilling til. Året etter er det budsjettert inn med 20 millionar kroner i havbruksfond, som ei tilleggsutfordring.

Årets budsjettkonferanse er 6. og 7. november.

Noko kan venta

Rådmannen orienterte vidare om arbeidet med kommunereforma (kommunesamanslåinga).

– Arbeidsmengda er kolossal. Nett no held vi på med ein del vedtekter, forskrifter, personalarbeid, rutinar og retningslinjer. Vi har via tillitsvalte inntrykk av at enkelte er litt utolmodige, og ønsker at vi landar dette snart. Det forstår vi.

– Vi kunne vore flinkare på å få ut informasjon i denne perioden, det er vi klar over. 

Rådmannen sa samtidig at ikkje alt treng å vera klart til 1. januar, men noko anna som står på trappene er beredskapsplanen. Den skal vera ferdig i desember.

– Samtidig har vi fått beskjed om at vi skal ha ei stor øving 3. og 4. desember. At leiinga i ei så travel tid skal bruka to heile dagar på dette, passar dårleg, men det er ei øving alle komunar skal ha i desember, så vi kjem nok ikkje utanom.

Presentasjon og kommentarar til ny profil

Rådgjevar Andris Hamre orienterte om profilen som blei godkjent måndag for ei veke sidan.

– To bokstavar i kommunenamnet, som liknar kvarandre, gav utspring for logoen. O og Ø blei to halvsirklar, som kan symbolisera både 2 som blir til 1, soloppgang, start og slutt, spegling og omfamning, forklarte han.

– Fargane er henta frå natur og naust i regionen.

Å skifta skilt i storkommunen kan bli kostbart. Fjorden Arena i Fusa og den nye rådhusavdelinga i Dragesetgården kan bli dei første med ny profil.

Børge Lunde (H) hadde kommentar til både komande økonomiutfordringar og den nye profilen.

– Ein kan jo spørra seg kvar det blir av dei store synergiane vi snakka om sist eg var i kommunestyret, då vi avgjorde å slå oss saman med Fusa. Eg undrast og korleis rådmannen ser for seg å løysa utfordringa. Tenkjer han bruk av oppsparte midlar, tenkjer han nedtrekk i drifta, eller vurderer han å nytta heile inntektspotensialet i den komande kommunen, altså eigedomsskatt, som vi politisk har blitt einige om at vi ikkje skal krevja inn.

– Og så reagerer eg på teiknsetjing i slagordet «– bli inspirert!». Er det ein kommando, sidan utropsteikn er brukt? Eg saknar «entusiasme inspirerer», som var eit av punkta i «Os inspirerer»-prosjektet.

Betre avkasting, men god nok?

Etter rådmannen si orientering blei avkastingsrapport for kommunen si portefølgje lagt fram. Per august låg denne på 7,1 %, noko som tilsvarer 14,8 millionar kroner.

– Vi ligg framleis bak indeksen. Er det noko vi bør gjera noko med? spurte Ståle Skaatun (H).

Økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas svarte at det er to årsaker til dette, ei av årsakene er at det eine fondet drar ein del ned. Dette er diskutert med fondsforvalter Gabler, og fondet er vurdert skifta ut.

Den andre årsaka har med referanseindeksen å gjera. Denne slår noko misvisande ut for Os sin portefølgje, då det er enkelte indikatorar den ikkje tar opp i seg. 

Fleire saker