Bjørnafjorden kommune | 22. feb. 2022

Driftsresultat for 2021: 157,8 millionar kroner

Hadde uventa høg skatteinngang.

Bjørnafjorden kommune gjekk, ganske overraskande med stort overskot i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. feb. 2022 17:53

På denne tida for to år sidan var driftsrekneskapen for Os kommune, i sitt siste år som Os kommune (2019), klar.

Eit overskot på 65,2 millionar kroner, eller «mindreforbruk», som kommunal sektor kallar det, var Os sitt beste resultat nokosinne.

I 2020 hadde den nye kommunen Bjørnafjorden eit mindreforbruk på 54,1 millionar kroner og i dag fortel kommunen om endå betre tal for 2021.

Før revisjon viser driftsrekneskapen til Bjørnafjorden kommune eit overskot på 84,8 millionar kroner.

Driftsresultatet er på 157,8 millionar kroner.

Med driftsinntekter på 2,4 milliardar kroner utgjer dette ein resultatgrad på 6,55 prosent.

Dette er i ei tid med harde kutt i driftsbudsjetta. I mars skal Bjørnafjorden 22, som jobba med å få kommunen i balanse inneverande år, erstattast med «Prosjekt Økonomisk Handlefridom» i Frp, Høgre og Magne Djuvik sitt budsjett - som også fekk støtte av MDG.

Les ògMDG gir fleirtal til FrP og Høgre

Mindreforbruket på 84,8 mill er sett av til styrking av kommunen sin eigenkapital (fond).

– Det gode resultatet skuldast i hovudsak skatt/skatteutjamningsmidlar som følgje av ein formidabel skatteinngang i heile kommunesektoren, seier økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas i ei pressemelding i kveld.

  • Samla skatteinntekter i 2021 er over 68 millionar kroner høgare enn budsjettert.
  • Også finansresultatet er svært godt i 2021; mellom anna er avkastning på kortsiktig og langsiktig finansportefølje bokført med 17,7 millionar kroner.

2021 var siste året med deltaking i prosjektet Statleg finansiering av omsorgssektoren (SIO).

SIO-prosjektet gjekk i fjor, for første gong, i minus. Det er derfor ikkje sett av midlar til fond i årsrekneskapen for 2021.

Investeringsrekneskapen er gjort opp i balanse (null).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.