- Dronninga kjem
Ordførar Terje Søviknes kom med ei kongeleg kunngjering på Kyrkjeflaten i dag.
I år var det ordførar Terje Søviknes (Frp) sin tur til å halda tale for dagen under 17. maifeiringa i Os sentrum.
Søviknes snakka om både grunnloven og Ole Bull sitt 200-årsjubielum før han kom med kunngjeringa:
- Vi får kongeleg besøk i Os denne månaden.
Kongehuset blir representert ved H.M. Dronning Sonja torsdag 27. mai, då ho vil besøka Museet Lysøen under Festspillene.
Ifølgje lysoen.no er det to konsertar på museet under Festspillene i Bergen, Arve Tellefsen og Håvard Gimse 29. mai og Henning Kraggerud og Christian Ihle Hadland 30. mai.
- Eg er ikkje sikker på kven som skal spela for dronninga torsdagen i forkant av denne helga, men det kjem yttarlegare informasjon seinare.
- Det som er sikkert er at vi vil laga folkefest på Buena kai denne ettermiddagen, seier Søviknes til Midtsiden.no.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.