Helse | 10. sep. 2022

Du høyrer til. Du har betydning

I dag er verdsdagen for sjølvmordforebygging.

Maria Therese Bjørdal, konstituert einingsleiar for psykisk helse- og rustenester i Bjørnafjorden kommune. (Foto: Privat/Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveilørdag 10. sep. 2022 07:05

I dag er det verdsdagen for førebygging av sjølvmord. Verdsdagen blir markert i hovudstaden med ei offentleg lystenning klokka 20.

Med den nye handlingsplanen kommunestyret vedtok i juni og det nye ressursteamet som er sett på plass, hadde det vore ønskjelig med ei markering av verdsdagen i Bjørnafjorden òg.

Det blir det dessverre ikkje.

Men Maria Therese Bjørdal, konstituert einingsleiar for psykisk helse- og rustenester i Bjørnafjorden kommune, seier at verdsdagen vil bli markert i kommunen i åra framover.

Kommunalsjef Monica Totland Melvold. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògFekk ros for handlingsplan mot sjølvmord

Fokuset har vore på å etablera ressursteamet.

Oppgåva til teamet er oppfølging og gjennomføring av tiltak i handlingsplanen.

– Å markera verdsdagen er eitt av tiltaka i handlingsplanen, og vi hadde så klart ønskt å markera dagen. Men ein slik dag fortener ei god markering, og det krev tid til planlegging, seier Bjørdal.

– Vi oppfordrar folk til å koma med innspel til korleis vi skal feira verdsdagen neste år. Vi sit ikkje med fasiten, seier Bjørdal.

Like viktig året rundt

Det var Laila Reiertsen (Frp), med interpellasjon, som fekk kommunestyret med på å bestille handlingsplan for førebygging av sjølvmord og oppfølging av pårørande.

Bjørnafjorden kommune brukte regjeringa sin framlagde handlingsplan som førande, og er delt inn i 6 mål.

Reiertsen synest at verdsdagen er ei flott markering, men meiner det er viktig å ha fokus på mental helse året rundt.

Laila Reiertsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Det er eit behov for å snakka om mental helse og vera open om temaet, seier Reiertsen.

Ho seier vidare at Bjørnafjorden kommune er ein av få som har fått ein handlingsplan på plass. Og det er ho kry over.

I dag skal ho tenna lys for å markere verdsdagen for førebygging av sjølvmord, og kjem med ei oppfordring til alle.

– Ta ein telefon, send ein sms. Det er grådig lite som skal til. Av og til er det nokon som treng eit lite løft.

Spesielt éi gruppe som er utsett

To av tre som begår sjølvmord, er menn.

– Det er noko vi som samfunn ikkje heilt klarar å knekka koden på. Kva må vi gjera for at det blir lettare for alle å gå gjennom motgang og tøffe tider?

Det er nok eit spørsmål fleire enn berre Laila undrar på.

– Å setta ting på dagsorden er viktig. Arbeidet startar i lokalmiljøet, seier Reiertsen.

Inga A4-oppskrift

LEVE har ansvar for markeringa av Verdsdagen for forebygging av sjølvmord.

Det globale mottoet for Verdsdagen åra 2021 - 2023 er «Å skape håp gjennom handling».

Deira overordna bodskap er: Du høyrer til. Du har betydning.

– Korleis skal vi forebygga sjølvmord i lokalsamfunnet?

– Først og fremst med eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Det er viktig å starta tidlig. Gi barn reiskap til å meistra kjensler og tunge tider.

Men Reiertsen veit at det ikkje er ei A4-oppskrift på å løysa problemet. Og for å førebygga meiner ho det må ressursar til.

– Det er dyrt med godt, forebyggande arbeid, men jammen er det store kostnadar å mista nokon også.

Treng du nokon å snakke med?

Du kan ringa både dei som jobbar med psykisk helse i kommunen, fastlegen din og ei lang rekke nasjonale støttetelefonar og chattenester.

Du finn fleire ressursar på kommunen si side.

Under ser du Helsesista sin video frå ei markering i Oslo i janiar 2021:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.