Duka for målkalas
Dei fleste seniorlaga i Os speler heimekampar fredag til måndag. Lysekloster tar imot festlege Valestrand-Hjellvik, Os møter Avaldsnes, som dei slo 7-0 på bortebane i vår.
Os har gått frå 1. til 3. plass på tabellen etter ferien. Poengdeling borte mot Bjarg og tap borte for Stavanger var ikkje heilt den starten serieleiarane hadde sett for seg.
– Så svak som vi har vært borte var 1-1 mot Bjarg greit nok. Men mot Stavanger spelte vi årsverste, meiner Tore Valvik, midtbanespelaren som har karantene mot Avaldsnes i morgon.
Avaldsnes er det einaste (!) laget Os har slått på bortebane i år (Os har 1-5-2 borte). Til gjengjeld blei det ein fin 7-0-siger.
– Både Avaldsnes og Skjold har kome seg, men det bør gå vegen med god margin på Kuventræ i morgon, meiner Valvik.
Tøff kamp i Lysefjorden
Lysekloster held seg på topp i klubben sin første sesong i 4. divisjon. Dei starta hausten med 3-0 borte over Loddefjord og tar laurdag imot Valestrand Hjellvik, klubben med den ekstra livlege supportargjengen.
VH ligg på 4. plass på tabellen.
– Men det blir nok ein jamn kamp, fleire av tapa og poengtapa dei har hatt denne sesongen har vore på overtid i kampar dei har leia, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.
Heimekampane i Os denne helga:
Fredag 17.8: Os dame - Gneist 2 kl 19.00
Laurdag 18.8: Nore Neset - Morvik kl 13.00
Laurdag 18.8: Lysekloster - Valestrand Hjellvik kl 14.00
Laurdag 18.8: Os - Avaldsnes kl 16.00
Søndag 19.8: Lysekloster 2 - Libido kl 18.00
Måndag 20.8: Søre Neset - NHH 2 kl 19.30