Lokal | 01. nov. 2014

Dumpa kattungar

Politiet: Ei kvinne blei vitne til at ein bilførar kvitta seg med kattungar på Nore Neset, og ein huseigar på Søfteland fekk ein full mann i hagen.

Dumpa kattungar
ill.foto KVB
Kari M. Lyssandlaurdag 01. nov. 2014 10:20

I 15.30- tida fredag fekk politiet inn ei melding frå ei kvinne i Skorvatjørno på Nore Neset.

– Ho hadde observert ein bil som hadde stoppa og der ein person hadde lempa ut kattungar frå bilen før han køyrde vidare, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Bilen kattungane blei kasta ut i frå skal vera ein grå Mitsubishi Space Wagon.

– Kvinna som meldte i frå til oss tok seg av kattane og tok kontakt med Kattens Vern.

På Kattens Vern si Facebookside er det blitt utlova ein dusør til dei som kan gje opplysningar i saka.

Full mann i hagen

Ved midnatt fekk politiet inn ein melding frå Søfteland der innringar hadde fått ein rusa mann i hagen.

– Mannen i 20-åra hadde falt over ein hekk og dreiv og banka døra og vindauga til personen som kontakta oss.

Då politiet kom på staden forsøkte mannen å springa frå staden, men politiet fekk tak i han og tok han med seg.

– Vi tok han med oss til legevakten og der gjorde han seg vanskeleg.

Mannen blei vidare tatt med i arrest og blei anmeldt for forulemping av offentleg tenestemann.

Køyrde bil og krasja i rusa tilstand

På vegen mellom Os i retning Søre Øyane blei det meldt om ein bil som køyrde stygt og utførte ein farleg forbikøyring i 02:30 tida natt til laurdag.

Politiet fekk ikkje tak i bilførar som skal ha køyrd ein mørk Mazda.

I krysset mellom Nord- og Sørstrøno køyrde ein person av vegen i 04- tida.

– Meldar syntest at bilførar virka rusa og då vi kom fram forsøkte mannen å stikka frå staden til fots, fortel vakthavande.

Mannen kom seg ikkje langt og politiet tok han med seg til legevakt for blodprøvetaking då dei mistenkte promillekøyring.

Det er blitt oppretta sak på bilførar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.