Lokal | 31. aug. 2016

E39 opnar som planlagt

E39 Svegatjørn-Rådal: Framdrifta på grøftelegginga langs E39 frå Svegatjørn til Ulvenvatnet er i rute. Vegen opnar seinast måndag morgon klokka 06.00.

E39 opnar som planlagt
Grøftelegginga er for det meste ferdig. Seinast måndag morgon opnar E39 mellom Svegatjørn og Moberg opp att (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 31. aug. 2016 07:33

Bildeserie:

Grøfta er lagt frå Svegatjørn til Ulvenvatnet. No gjenstår berre å legga asfalt (foto: AH)
Grøfta er lagt frå Svegatjørn til Ulvenvatnet. No gjenstår berre å legga asfalt (foto: AH)
Førre veke var E39 nattestengd tre netter for at dei skulle få kryssa den med vassledningane (foto: AH)
Førre veke var E39 nattestengd tre netter for at dei skulle få kryssa den med vassledningane (foto: AH)
Kryssinga skjedde rett nord for Ulvenvatnet barnehage (foto: AH)
Kryssinga skjedde rett nord for Ulvenvatnet barnehage (foto: AH)
Litt arbeid med ein kum, så er dei ferdige (foto: AH)
Litt arbeid med ein kum, så er dei ferdige (foto: AH)
1 av 4

Ved midnatt natt til måndag 2. mai blei E39 nordgåande retning stengd mellom Moberg og Svegatjørn, og trafikken blei leiia på gamlevegen om Os sentrum. Planen var at arbeidet med legging av ny vassledning skulle ta fire månader og vegen skulle opna igjen 4. september.

– Vi er i rute og vegen opnar seinast måndag morgon klokka 06.00, fortel prosjektleiar i Statens Vegvesen, Sverre Ottesen.

Ottesen fortel at vegen kan bli opna før om entreprenøren blir ferdig før, men at dei har sagt dei i allefall skal vera ferdige til måndag morgon.

Fartskontroll og -humpar

Arbeidet har i det store og heile gått etter planen. Rett nok har ikkje bilistane som har kjørt forbi anleggsområdet i sørgåande retning vist det omsynet dei burde for arbeiderane, noko som har gjort at politiet har måtte stilla opp med kontrollar. I tillegg såg ein seg nøydd til å etablera fleire fartshumpar for å få farten ned, noko som i følgje vegvesenet skal ha hatt effekt.

Måtte fjerne bossfylling

Prosjektleiaren fortel at dei har støtt på nokre utfordringar undervegs i prosjektet.

– Vi kom mellom anna bort det eine hjørnet av den gamle bossfyllinga som ligg der oppe, så vi har måtte ta hand om bosset og få frakta det vekk i konteinarar til eit godkjent mottak.

– I tillegg visste vi ikkje nøyaktig kor mykje sprenging som måtte til, men det har gått greitt. Vi har òg greidd på passere dei to bruene som går over E39 på ein grei måte, avsluttar Ottesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.