Fotball | 21. juni 2022

– Eg har ikkje hjarte til å spela mot Os

– For at det skulle vera truverdig, simulerte eg skaden god tid i forvegen, spøker osingen før cupkampen.

Vegard Leikvoll Moberg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. juni 2022 13:21

Onsdag klokka 18 er det kampstart mellom Os og Brann i andre runde i cupen.

Kuventræ er i ferd med å bli rigga for storinnrykk, og billettane er i ferd med å bli utselte.

Les ògOs - Brann dagen før dagen: Sjå dei nye tribunane på Kuventræ

Os har tatt seg til andre runde i NM ved først å slå Sund og Lysekloster i kvalifiseringa, så ved å slå Åsane 6-5 i ekstraomgangar.

Brann var førehandskvalifisert. Dei slo Voss 0-7 borte i første runde. Kampen gjekk 18. mai, og dette var sist osingen Vegard Leikvoll Moberg var på banen for dei raudkledde.

– Eg har ikkje hjarte til å slå Os ut av cupen, seier Vegard til Midtsiden.

– For å gjera det heile truverdig, starta eg bløffen i god tid, legg han til.

Han har spelt mot Os før, for Åsane, men ser ut til å ha blitt blauthjarta ovanfor moderklubben med åra.

Eller er det hamstringen?

– Ja, eg har vore skadd i hamstringen ei stund no. Det byrjar å bli betre, dei siste joggeturane gjekk greit, og eg har så vidt starta å trena på feltet.

– Eg kunne nok spelt, om det var cupfinale, men no har eg vore ute så lenge at eg bør venta litt til før eg speler kamp igjen. Det er mange kampar igjen av sesongen.

– Men eg skal sjølvsagt på Kuventræ og sjå kampen! seier Leik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.