Sport | 15. jan. 2013

Ei nydeleg skihelg

VIDEO: Voss Fjellandsby hadde rekord under skimessa og Eikedalen, som opnar endå fleire heisar til helga, fortel om storinnrykk.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. jan. 2013 12:55

Helga blei litt kald, men med vindstille og skyfri himmel var det få som blei skremt frå å koma seg til fjells.

– Sjølv om vi berre hadde tre heisar opne hadde vi mykje folk. No produserer vi mykje snø og til helga kan vi også opna Tvillingtrekket og Bergensløypen, seier Fredrik Tønjum frå Eikedalen Skisenter.

I Voss Fjellandsby var det skimesse - og litt problem med skikort-terminalane.

– Dei selte skikort fram til klokka 12, etter det delte dei ut skikorta gratis.

– Det skal ha vore rundt 4.200 i løypene, som er rekord for skimessa. Søndagen var det cirka 2.500 på messe, seier messesjef Jan Frode Skeie frå MX Sport.

Medan det var skiskule og testing av demoski ute var messeområdet flytta frå telt, som tidlegare år, og inn i ein konferansesal på nye Myrkdalen Hotel.

Mange brukte tida i Voss Fjellandsby til å utforska hotellet, dei tre restaurantane og den nye afterskien.

På messa møtte vi blant andre tidlegare Oseana-direktør, som var utlånt som skiinstruktør (!) og kameratane Arne Veim Haugland, Andreas Ask og Joachim Danielsen, som viste atletiske krumspring på rails.

VIDEO: Sjå stemningsrapport frå skimessa og ein liten omvising på hotellet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.