Sjølv om det ikkje vart noko parkeringsløysing med Seasam Parkering AS, minnar næringssjef, Elin Bryn Thorsen, på at det er parkeringsreglar i Os sentrum. (Kart/ foto: Os kommune/ Kjetil Osablod Grønvigh)

Ei påminning om parkeringsreglane

Sesam-konkursen sette parkeingsløysinga på vent. Det er likevel reglar å hugsa på.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

I byrjinga av mai vart det kjend at Sesam Parkering AS hadde meldt oppbod

Os kommune inngjekk i september 2018 ei avtale med Sesam om parkeringsløysing for Os.

Kontrakten er heva

Nytilsett næringssjef i Os kommune, Elin Bryn Thorsen, fortel at kontrakten med Sesam Parkeing AS no er heva.

Ho understreker at Os kommune ikkje har tapt pengar på den no avslutta kontrakten.

Ny prosess - ber om forståing

Thorsen fortel at kommunen no har satt i gang prosessen med å sjå på nye moglegheiter for gode parkeingsløysingar;

– Det vil etterkvart komma ein ny anbodsrunde på oppdraget, og i mellomtida må vi be om forståing for at dette prosjektet no tek lengre tid enn forventa.

– Eg håper at alle respekterer og opprettheld reglane om maks to timars parkering i sentrum - tre timar om du står ved Kyrkjetunet - fram til ny parkeringsløysing er på plass.

– Hugsar du reglane?

Thorsen er oppteken av at dersom nokon til dømes står parkert i sentrum heile dagen, vil dette kunna hindra kundar i å parkera utanfor butikkane dei ønskjer å handla i.

– Dette vil påverka sentrumsbutikkane, så for dei som planlegg å opphalda seg i meir enn tre timar i sentrum, vil vi på det sterkaste oppmoda om å søkja ut av sentrum.

– Til dømes kan du stå åtte timar gratis ved Vognhallen og ni timar på det som tidlegare var Statoil-tomta. På Fjellheimparkeringa og ved Kløvertun kan du stå i åtte timar, avsluttar Thorsen.

Fleire saker