Ei typisk tid for innbrot
I vinter var det åtte innbrot i bustadar i Os på under tre månadar. No kan vi gå inn i ein ny høgsesong.
Politiet har lite nytt å fortelja frå måndagen.
Nokre tiggarar blei kontrollert og vist vekk frå daglegvarebutikkane Kiwi og Meny etter fleire klagar frå publikum, og ein mann i 50-åra frå Bergen, som gjekk på dørene i Gudrihaugen for å selja ting, blei tatt inn til kontroll.
I tillegg blei ein båt av låg verdi, som truleg har vore stolen, funnen igjen i Askvik.
– Pass på nabolaget ditt
Politiet ønskjer å minna folk på at det er ferietid, og at dette kan vera ein periode som blir nytta til rekognisering og innbrot.
– Om du ikkje er på ferie så følg med på naboen sitt hus, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.
Normalt er det eitt til to innbrot i bustadar i Os i året. Dei første tre månadane i år var det åtte.
– Mykje tyder på at det var gjort rekognisering på førehand. Eitt av innbrota var på kveldstid mens huseigar var ute ein kort tur.
– Mange i Os bur i område som er så tynt befolka at dei har ein viss kontroll med kva bilar som plar vera i området. Det kan vera verdt å følga litt med også på trafikken i nærområdet ditt.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.