Helene Bøksle trollbatt publikum i Vognhallen fredag. (Foto: Erik Ask)

Ei vakker stund i Vognhallen

Eit tilfeldig møte leia til intimkonsert med Helene Bøksle.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tekst: Erik Ask og Kjetil Vasby Bruarøy

Helene Bøksle (38) song under utdeling av Nobels fredspris som 13-åring, selte til platina med juleplata «Det hev ei rose sprunge» i 2009 og har sunge saman med artistar som Bjørn Eidsvåg, Kurt Nilsen, Secret Garden og Vamp.

Fredag hadde ho intimkonsert i Vognhallen.

– Eg møtte ho på ein fest med venar i Mandal, fortel kunstnar Arne Mæland frå Os Kulturutvikling.

Mæland støyper bronseskulpturane sine i Mandal, der Bøksle er frå, og var invitert i bursdagsfest hos svigermor til Helene. Dei to kom i prat og Arne fortalte om skulptursymposiet i Os.

– Vi snakka om at ho kunne synga under symposiet, men så kom turneen hennar litt tidlegare på sommaren, så då blei det denne helga her. Det er grenser for kor mange vi kan få inn i kulturstova i Vognhallen, men vi fekk ein pris som gjorde at billettane ikkje blei for dyre.

• Les òg: Feirar 20 år - lager to symposium i sommar

Nærleik og varme

Nærmast alle dei 90 setene var tatt. Helene Bøksle var tett på publikum i 90 minutt.

– Det blei ei fin stund med nærleik og varme. Vognhallen og utsikta mot hamna skapte ei passande ramme, synest Mæland.

Mellom låtane fortalte Helene historiar frå si tid som artist. Hun gav ros til alle som heldt kulturen ved like rundt om landet, og kor mykje fint ho har sett når ho har turnert i Noreg.

Gjestane var med på notene, dei smilte og lo, og fekk verkeleg valuta for pengane. Først og fremst på grunn av vakre låtar framført av Helene saman med pianist Tove Kragset.

Onsdag 11. desember er Helene Bøksle tilbake i Os og Oseana med julekonsert. Det er noko du ikkje vil gå glipp av.

Fleire saker