Lokal | 08. sep. 2019

Ei viktig avklaring for Bjørnafjorden kommune

Lesarinnlegg: Svar til Kristian Strønen på spørsmål om prioritering av Hordfast.

Ei viktig avklaring for Bjørnafjorden kommune
Susanne Sperrevik, Bjørnafjorden Høgre. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. sep. 2019 07:42

Ikkje mindre en tre statsrådar var torsdag på fjorden for å presenterte deira vedtak på kommunedelplanen, og gav samstundes si begrunning for å prioritera Hordfast!

Dei trakk fram at det er Noregs mest samfunnsøkonomisk lønnsomme vegprosjekt, eit prosjekt som vil bety enormt for vår region, for Vestlandet og for Noreg!

Det ferske vedtaket om trasé på Stord betyr at heile traseen mellom Stord og Bergen no er endelig fastlagt, og reguleringsplanarbeidet kan starta for fullt.

Kristian Stønen og andre tolkar imidlertid dette som ei opning for å endra traseen om Fusa. Han argumenterer med at fartsgrense i tunnelen til Rådal er sett ned og at litt utsett vegbygging på Stord gjer indre trasé er meir konkurransedyktig. Det er eg ueinig i.

Det vert aldri informert om at indre trasé, som er ca 23 km lengre, også må ha 4 store 4-felts bruer og at 40 % av traseen må byggjast med 4-felts tunellar.

Linjeføringa vil likevel berøra om lag 200 bygningar og mykje dyrka mark.

Kvifor høyrer vi aldri om dette fra Strønen og hans meiningsfeller?

Statens vegvesen har også nylig gjort ei ny kalkyle for indre trasé og konkluderer med ein pris på ca 40 milliardar!

E39 er ein hovudveg på Vestlandet som skal ha motorvegstandard. I staden for å polemisera med at det kun vert avkøyring ved Svegatjørn, burde Strønen vera strålande nøgd med det Høgre og Frp har fått gjennomslag for ovanfor sentrale myndigheiter.

Ja, det vil verta endringar der brua kjem i land på Røtinga, men eg er imponert over min ordførarkandidat, Marie Bruarøy, som har stått på for å påverka det ho har kunna for redusera store naturinngrep som låg til grunn i alternativet om dagløysing.

Prosjektet berører no minimalt med landareal, går rett inn i tunnel ytst på Røtinga og plasserer kommunen sentralt mellom Bergen, Stord/Haugesund og Stavanger utan at motorveien legg beslag på areal eller gir større barriereverknad enn dagens veg Moberg-Svegatjørn.

I Nasjonal Transportplan (NTP) er E39 mellom Stavanger og Bergen planlagt heilt ferdigstilt innan 2035, også motorvegen mellom Rogfast og Hordfast. Då får vi full uttelling for fjordkryssingane og Vestlandet oppnår den konkurransekrafta vi må ha for å ta opp kampen med Austlandet om kompetanse, arbeidsplassar og busetjing.

Det er i dette perspektivet torsdagens vedtak er viktig og særs gledeleg.

Susanne Sperrevik
Leiar, Bjørnafjorden Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.