Brann og beredskap | 04. nov. 2022

Eigenberedskap: Melf svarer på spørsmål om jod

– Vi anbefaler likevel at barnefamiliar har det heime.

Eigenberedskap: Melf svarer på spørsmål om jod
Kommuneoverlege Klaus Melf. (Foto: Ella Marie Brekke Vangsnes, Bjørnafjorden kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. nov. 2022 13:19

Bjørnafjorden kommune avsluttar Eigenberedskapsveka 2022 i dag.

Kommune har blant anna jobba med å oppdatera atomberedskapsplanen. Jodtablettar er på plass i barnehagar og skular, og representantar frå kommunen har deltatt på ei regional atomberedskapsøving.

Dei rundar av veka med denne pressemeldinga:

Jodtablettar og Ukraina

Jodtablettar hjelper berre mot radioaktivt jod – ikkje andre radioaktive stoff. Ukraina er langt vekke. Sjølv om vinden bles mot Noreg, vil det ta lang tid før eit eventuelt utslepp når oss, og det vil bli kraftig fortynna på vegen.

– Konsentrasjonen av radioaktivt jod som eventuelt når oss, vil derfor bli låg, forklarer kommuneoverlegen. Det er derfor ikkje aktuelt å ta jodtablettar hos oss ved ei hending i Ukraina.

Det som kan skje, er at norske næringsmiddel kan bli forureina, på same måte som etter ulykka i Tsjernobyl i 1986. Det kan derfor bli aktuelt med tiltak innan matproduksjon og utmarksbruk for å redusera konsekvensane av eit radioaktivt nedfall.

Du kan lesa meir om slike tiltak på Mattilsynet sine nettsider.

Ei hending nær oss

Reaktordrivne fartøy legg til kai ved Haakonsvern orlogsstasjon (HOS) i Bergen. På veg til og frå HOS passerer dei gjennom våre farvatn.

Dersom det skulle skje eit uhell eller ulukke på HOS eller på veg til eller frå, kan det bli eit radioaktivt utslepp som rammar Bjørnafjorden kommune.

– Då kan det koma råd om å ta jodtablettar, understrekar kommuneoverlegen.

Kven skal ta jodtablettar og kvifor?

Radioaktivt jod kan føra til auka fare for å utvikla kreft i skjoldbruskkjertelen.

– Barn og unge under 18 år, gravide og ammande har høg aktivitet i skjoldbruskkjertelen, og har derfor størst risiko for å få kreft der, forklarer Klaus Melf.

Det er derfor dei som blir anbefalt å ta jodtablettar, når det er fare for at dei kan bli utsett for radioaktivt jod.

Folk over 40 år har svært liten risiko for opptak av radioaktivt jod. Jodtablettar gir derfor ingen reduksjon i risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen for dei over 40.

I heilt spesielle situasjonar, ved eit stort utslepp frå ei kjelde i Noreg, med høg eksponering for radioaktivt jod, kan det vera aktuelt med jodtablettar til vaksne i alderen 18-40 år. Dette kjem myndigheitene i så fall til å gi råd om.

Kor raskt må ein ta jodtablettar?

Jodtablettar blokkerer opptak av radioaktiv jod i skjoldbruskkjertelen, og har verknad innan to timar.

– Å gi jodtablettar er eit hastetiltak som vi har avgrensa tid på å setta i verk, understrekar kommuneoverlegen og utdjupar: Ved å ta jodtablettar rett etter eksponering av radioaktivt jod, kan ein oppnå eit opptaksvern på 95-98 %.

Jodtablettar tatt 24 timar før eksponering gir ca. 70 % opptaksvern, medan jodtablettar 24 timar etter eksponering ikkje gir vern i det heile. Det er derfor barnefamiliar, gravide og ammande blir anbefalt å kjøpa jodtablettar på apotek og oppbevara dei i heimen.

Utdeling av jodtablettar i Bjørnafjorden

Bjørnafjorden kommune oppbevarer jodtablettar i barnehagar, på skular, helsestasjonar og legevaktstasjonar, for å kunna dela dei ut til målgruppa raskt.

Dersom det skjer ei atomhending på dagtid (i barnehage-/skuletid), der det blir gitt råd om bruk av jodtablettar, kjem kommunal kriseleiing til å be barnehagar og skular om å dela ut jodtablettar til barn og unge.

– I ein slik situasjon vil alle barn få jodtablettar, med mindre foreldra har reservert seg mot det, seier Klaus Melf.

Han understrekar at det ikkje er nokon akutt fare om ein ikkje tar jodtablettar – dei er for å førebygga eventuelle seinverknader. Inntak av jodtablettar er derfor frivillig.

Meir informasjon

Spørsmål og svar om radioaktive utslepp og jod

1. Kva er eit radioaktivt utslepp til luft?

Eit radioaktivt utslepp til luft vil seia at eit avgrensa geografisk område blir ramma av ein luftstraum med radioaktive partiklar i opptil nokre døgn. Desse partiklane vil kunna falla ned med nedbør og festa seg til materialar det treff, legga seg på jord, gras og andre overflater. Resten av partiklane «drar vidare» med vêr og vind i løpet av nokre dagar. Det vil variera kva utsleppet inneheld og kor stort det er. Dersom det er mykje radioaktivt jod i lufta, vil myndigheitene anbefala utsette grupper i befolkninga å ta jodtablettar.

2. Kor farleg er det?

Det er ikkje akutt helseskadeleg å opphalda seg utandørs i den perioden den radioaktive lufta passerer, men det aukar risikoen for å utvikla kreft seinare i livet.

Dei radioaktive partiklane sender ut stråling som kan vera helsefarleg, særleg viss dyr og menneske får dei i seg gjennom pust eller inntak av mat og drikke.
Ein bør også unngå å få partiklane på huda – dei avgir stråling der, og det aukar faren for at ein kan få partiklane i seg gjennom munnen. Derfor blir det anbefalt å dekka til hud og hår viss ein må gå utandørs.

3. Kven gir innbyggarane råd?

Det er nasjonale myndigheiter med Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) i spissen, som gir råd på dette området.

4. Dersom vi ikkje har jodtablettar heime, og det blir gitt råd om å ta, men det samtidig er gitt råd om å halda seg innandørs – kva skal vi prioritera? Halda oss inne eller dra ut og skaffa jodtablettar?

De bør prioritera innandørsopphald sidan det beskyttar mot alle radioaktive stoff, medan jodtablettar berre beskyttar mot radioaktivt jod.

Det er spesielt viktig at barn og unge under 18, gravide og ammande held seg innandørs, mens det kan bli gitt råd om at andre grupper i befolkninga kan gå ut i heilt nødvendige ærend, f.eks. for å skaffa jodtablettar til dei mest sårbare individa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.