Politikk | 03. aug. 2022

Auka støtte til «Ja til kontanter»

Gjorde suksess på digital underskriftskampanje, la i går ut fysiske lister i Os.

Kim René Hamre og Ann Jorun Hillersøy blei godt mottatt då dei la ut underskriftskampanje i butikkar på Osøyro tysdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. aug. 2022 06:45

Onsdag kveld 13. juli la «Ja til kontanter» ut eit innbyggarforslag på Minsak.no. På halvannan time var 80 signaturar på plass, torsdag morgon var dei oppe i 248.

I løpet av torsdag passerte dei 300 signaturar med glans, altså nok til å få innbyggarforslaget opp politisk. Fleire har kome til i etterkant, og 573 har til no signert digitalt.

– Sjølv om vi har nådd målet, vil vi både informera og gi fleire sjansen til å visa støtte til saka, seier leiar for Foreningen Ja til Kontanter, Kim René Hamre.

– Godt tilbod for unge og gamle

I går hadde han styremedlem Ann Jorun Hillersøy med seg for å legga ut lister på butikkar og bensinstasjonar i Os.

– Vi kan ikkje rekna med at alle får med seg alt som skjer på nett, seier Hillersøy om den «analoge» delen av kampanjen, ein kampanje som handlar om at vi ikkje berre skal kunna betala digitalt.

– Men det ligg også QR-korde og link til saken vår på Minsak.no for dei som vil signera på nett framfor den fysiske lista.

For nokre år sidan forsvann DNB sine minibankar, i sommar tok Sparebanken Vest vekk sin. (Foto: KVB)

Ann Jorun er opptatt av både samfunnsberedskap og god service til unge og gamle innbyggarar.

– Ungar får ikkje eige betalingskort. Bør dei ikkje heller springa på butikken med pengar enn mor sitt kort, om dei skal handla is? Kontantar gir ungane god erfaring med sine første handleturar, eit kanskje sunnare forhold til pengar og litt mattekunnskap med på kjøpet.

Foreininga har tidlegare fått gjennomslag i Honingsvåg, der eit samstemt kommunestyre sa ja til at administrasjonen skulle sørgja for at det igjen kom minibank i bygda i nord.

No er Os ein av tre stadar dei jobbar med å kjempa inn tilsvarande ordning.

Møtte lokalpolitikar

Midtsiden møtte dei to tidleg på runden tysdag.

– Til no har 5 av 5 butikkdrivarar sagt at dei støttar saka vår, 4 av dei sa ja til å ha lista liggande på disk. Den femte hadde berre ikkje plass på disken.

I tillegg til å dela ut lister, hadde Hamre og Hillersøy avtale om å møta ein lokalpolitikar mens dei var i Os.

– Vi har snakka med ein representant frå Senterpartiet, som eg sjlv er medlem av. Han hadde ikkje tid til å møtast no, men seier han støttar saka vår. I dag skal vi møta Gustav Bahus i Frp for å fortelja om arbeidet vårt.

Etter besøket fortel Bahus at han støttar initiativet.

– Det er for dårleg om eit bygdesentrum som Os ikkje skal ha minibank. Uttak i butikk er ikkje ei god nok teneste, seier han til Midtsiden.

– Eg synest generelt at det er feil med denne gradvise utfasinga av bruk av kontantar. Dessutan har minibank og nattsafe ein funksjon for næringsdrivande.

Bahus oppmoda aksjonsleiaren å fri til Fana Sparebank, som har kontor i sentrum.

– Kor raskt trur du saka kan koma opp i politiske utval?

– Det veit eg ikkje no, men det får vi nok svar på når ferien er over.

Siste bank fjerna i juni

Fredag 3. juni, i samband med oppussing av banklokala, blei Sparebanken Vest sine to minibankar fjerna. Dei har ikkje plan om å setja dei på plass igjen.

Dette var dei to siste minibankane i Os.

DNB fjerna sin minibank i sentrum i 2016. Seinare blei minibanken på AMFI Os tatt vekk.

Drygt to veker før dei siste minibankane forsvann, 16. mai, svikta 130.000 bankterminalar i Noreg. Fleire av desse var i Os, og feilen gjorde at folk verken fekk betalt med bank-kort eller tatt ut pengar i butikk.

Då blei det kø i minibanken som no er vekke, og situasjonen blei ein påminnar om at det kan vera nyttig å ha kontantar heime, som del av eigenberedskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.