Ein dritviktig leidning
I dag blir Osbygdas største «kabel» lagt gjennom Os hamn.

Bildeserie:
Måndag varsla Os kommune om det komande arbeidet i Os hamn, som starta i dag tidleg og vil vara utover dagen, kvelden og kanskje også natt til torsdag.
Det er ØPD AS som utfører jobben. Samba Marin AS er leigd inn som underleverandør, og stiller med båtane Fox Challanger og Fox Tørres.
– Arbeidet er framskynda fordi leidningen må på plass før dei tre siste bølgedemparane kan leggast ut, fortel avtroppa prosjektleiar Johannes Håkonsund i Os kommune.
– Derfor blir leidningen i denne omgang lagt frå Oselvo til utsida av Kuhnlevika, ilandføring blir ein eigen entreprise.
I dag opplyser Os kommune at arbeidet med å legga ut dei siste tre bølgedemparane startar fredag og vil pågå i 3-4 veker.
Fraktar kloakk frå Søfteland til fjellet under Moberg
Den er 1200 meter lang og har ein diameter på 45 centimeter, sjøleidningen som blei henta i Fusa, frakta til Os og i dag blir lagt frå Os hamn til Kuhnlevika.
Sjøleidningen skal ta avlaupet frå pumpestasjonen ved Esso ut til Kuhnlevika og vidare på land og i tunell opp til fjellhallen der OHARA (Os hovudreinseanlegg for avlaup) er under bygging.
Dette inkluderer avlaup frå heile Osdalen, frå Røykenes og Søfteland, Varåsen og Prestegardsskogen til Os sentrum. Inkludert er òg Os aust med mesteparten av Hegglandsdalen, mens stadar som Lysekloster, Nore Neset og Halhjem naturlegvis reinsar kloakken sin i lokale anlegg.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.