Oluf Hessen, Espen Aspenes og Ketil Halhjem på Bar(t) onsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Oluf Hessen, Espen Aspenes og Ketil Halhjem på Bar(t) onsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Ein god møtestad

«Laus onsdag på Bar(t)» har blitt eit populært tiltak for næringsaktørar i Os.

Kjetil Vasby Bruarøy
04. november 2016 - 11:15

I haust starta Os Næringsråd eit nytt tilbod, som tillegg til større frukostmøter med foredrag i Oseana, ein uformell møtestad éin gong i månaden.

Onsdag var det «Laus onsdag på Bar(t)» for tredje gong, og over 20 deltakar for tredje gong.

– Dette er eit godt tiltak, ein slik møtestad er ein fin plass for både ein god samtale og for å bli betre kjent med andre næringsaktørar i bygda, synest næringsrådsmedlem Espen Aspenes.

Godt oppmøte

Leiar for Os Næringsråd, Anita Egge, fortel om godt oppmøte alle dei tre første lause onsdagane.

– Vi har vore over 20 deltakarar kvar gong og praten har gått frå start til slutt. I utgangspunktet har vi sett av tida frå klokka 19 til 21 for denne samlinga, men vi har òg sete igjen til nærmare 22.30.

Som einaste faste innslag er ein uformell presentasjon der to medlemsbedrifter fortel om selskapet sitt for dei andre frammøtte.

– Denne gong fekk vi høyra om Os Servicesenter, Best, ved Rolf Tveit. Silja og Paal Moberg frå nystarta Osøyro Kolonial skulle òg ha ein presentasjon, men dei fekk ei større levering, noko vi i næringsrådet synest var ein gledeleg form for fråværsårsak.

To lause og ein årsfest

Frukostmøtet førre tysdag var òg vellykka, med rundt 40 deltakarar og gode foredrag. Neste større arrangement er årsmiddagen i starten på februar.

– Der blir det blant anna foredrag med ein professor i kreativitet.

– I mellomtida held vi fram med laus onsdag i desember og januar. Fleire nye medlemmar har kome til på desse møta, i januar passerer vi 100, fortel Anita Egge.